Skogsvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°15′24.653″N 5°5′51.252″E

Skogsvåg
tettstad
Skogsskiftet.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Kommune Sund, Øygarden
Folketal 568 (2017)
Folketettleik 1 183 / km²
Postnummer 5382

Skogsvåg er eit bygdesenter i Sund kommune i Hordaland med 569 ibuarar. I Skogsvåg ligg kommunehuset, idrettshallen Sundhallen, barnehage og aldersheim, samt ein vidaregåande skule.

Skogsvåg ligg 25 kilometer sjøveg sørvest for Bergen.

Kvalfangst[endre | endre wikiteksten]

Kvalfangst i Skogsvåg har ein lang og unik historie. I “Årbok frå Skogsvåg 2008″ skriv Sverre Sangolt i kapitlet “Kvalvågen, ein arm av Skogsvåg”:

“Kvalvågen er ein sidearm av Skogsvågen, og truleg er det kvalfangsten som har gjort Skogsvåg vide kjent. I engelske og hollandske kart frå slutten av 1600-tallet kan ein sjå at “Scogges wag” er avmerka på vestsida av Sotra."

Kvalvågen startar i Stekasundet og går mot sør, den er 1250 meter lang og rundt 160 meter brei. Namnet kjem av at her har vore avliva kval i uminnelege tider, og den siste vart tatt måndag 20.juni 1960.”[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kvalfestifal - Kval i våg!».