Skuldelev 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skuldelev 2 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 2 er det andre av Skuldelevskipa som vart funne i Roskildefjorden 1962. Det har vore eit krigsskip som er bygd for høg fart både med segl og årar.

Skipet er eit av til saman 5 skip som vart senka i Roskildefjorden til eit forsvarsverk som skapte vanskar for fiendar som freista kome inn til Roskilde. Dette skipet vat senka kring 1070.

Skuldelev 2 er eit langskip, kanskje av skeidetypen. Det er omkring 30 m langt og 3,8 m breidt, og 1 m djupgåande. Besetninga har vore 65-70 mann.[1]

Årringsdatering syner at skipet var bygd i nær Dublin i Irland kring år 1042. Byggematerialane har vore eik. Det har vore reparert fleire gonger, og prøver frå tømmeret syner ar det har vore gjort kring Irskesjøen. Skipet har hatt eit stort segl, kring 112 m² og kan ha kome opp i 15 knops fart. Det har vore ei 30-sesse, som har hatt 60 årar. Vraket av det lange skipet var i dårleg forfatning. Berre omlag 25 % av det opphavlege skipet er funne. Under utgravinga trudde ein lenge at det var restane av to skip, og det vart kalla Skuldelev 2-4, og det er ikkje noko av Skuldelev vraka som no har nummer 4. Skuldelev 2 ar det lengste vikingskipet ein kjende til heilt til Suldelev 6, som har vore 36 meter langt, vart funne i 1996. Vikingskipsmuseet i Roskilde har laga rekonstruksjon av Skuldelev 2, «Havhingsten frå Glendalough», som vart sjøsett i 2004. Sommaren 2007 segla skipet frå Roskilde til Dublin. Skipet låg utstilt i Dublin til sommaren 2008, då det vart segla attende til Roskilde.[2] Skuldelev 2 er utstilt ved Vikingeskipsmuseet i Roskilde

Konserveringa av det arkeologiske trematerialet er gjennomført i en langsam prosess med ein vassoppløyseleg og stabil voks. Så har det vorte frysetørra.

Havhingsten fra Glendalough[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nogle kilder angiver 65-70 mand (se Vikingeskibsmuseet: "The Five Viking Ships").
  2. «Havhingsten fra Glendalough (Skuldelev 2)». Arkivert frå originalen 6. april 2012. Henta 14. december 2011.