Skuldelevskipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innbyrdes plasering av skipa ved utgravinga.

Skuldelevskipa er ei nemning for fem vikingskip, som vart funne i Roskildefjorden ved Skuldelev, omkring 20 km nord for Roskilde. Skipa vart utgravne i 1962. Dei var alle frå 2. fjerdel av 1000-talet, og hadde vore i bruk i åra kring 1030-1080.[1]

For å prøve å kontrollere sjøvegen til ein av Danmarks største konge- og kyrkjebyar,[2] vart det i sein vikingtid etablert eit system av sperringar i Roskildefjorden,[2] Tre utslitne skip vart fylte med stein og senka utanfor landsbyen Skuldelev. Dette sperra den direkte ruta til Roskilde. Etter 20 år vart sperringa forsterka med endå to skip. På denne måten vart det laga eit effektivt forsvar i fjorden.

Under utgravinga i 1962 trudde ein der var seks skip, men det synte seg at delar frå «Skuldelev 4» i røynda kom frå Skuldelev 2. Nummereringa av skipa vart ikkje endra etter denne oppdaginga, og derfor «manglar» Skuldelev 4. Det mest komplette skipet er Skuldelev 3.

Skuldelevskipa har gitt verdifullt innblikk i vikingane sine skip og skipsteknologi. Dei er no utstilt på Vikingskipsmuseet i Roskilde.[3]

Alle fem skipa er brukt som utgangspunkt for rekonstruksjonarsom Vikingskipsmuseet i Roskilde har utført. Dessutan er det laga rekonstruksjonar andre stader.

Funnet og kartlegginga av skipa er skildra i filmen Vikingeskibene i Roskilde Fjord frå 1964.

Kort om skipa.[endre | endre wikiteksten]

Skuldelev 1[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Skuldelev 1.

Skuldelev 1 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 1 var eit solid transportskip, truleg ein knarr. Han var 15,84 m lang og 4,8 m breid og 1 m djupgåande. Besetninga har vore seks til åtte mann. Skipet var bygd ved Sognefjorden i Vest-Noreg kring år 1030 av kraftige fureplanker. Det syner spor etter reparasjonar med eik- og lindetre, truleg ved Oslofjorden og i det austlege Danmark.[4] Med eit segl på omlag 90 m2 , og med 2-4 årar, kan det ha segla på Austersjøen, Nordsjøen og Atlanterhavet, med ein toppfart på 13 knop. Omkring 60 % av skipet var bevart.

Der er laga fleire rekonstruksjonar av Skuldelev 1, mellom dei «Ottar av Roskilde» av Vikingskipsmuseet i Roskilde, og «Saga Siglar» i Noreg.[5]

Skuldelev 2[endre | endre wikiteksten]

Skuldelev 2 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 2 er eit krigsskip. Det er eit langskip, muleg av skeidetypen. Det er omkring 30 m langt og 3,8 m breidt, og 1 m djupgåande. Besetninga har vore 65-70 mann.[6] Dendrokronologiske undersøkingar seier at skipet var bygd i Dublin kring år 1042. Forma på skipet, og det store seglet, kring 112 m², vil gi høg fart, og farta kan ha vore opp mot 15 knop. Det er eit av dei lengste vikingskipa som er funne, men det dårlegast bevarte, med berre omlag 25 % av skipet.[5]

Vikingskipsmuseet i Roskilde har laga rekonstruksjon av Skuldelev 2, «Havhingsten frå Glendalough». Sommaren 2007 segla skipet frå Roskilde til Dublin. Skipet låg utstilt i Dublin til sommaren 2008, då det vart segla attende til Roskilde.[7]

Skuldelev 3[endre | endre wikiteksten]

Skuldelev 3 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 3 er eit 14 m langt og 3,3 m breidt transportskip, kanskje av byrdingtypen. Det er bygd i eik, og har hatt ein lastekapasitet på 4,6 tonn og vore 90 cm djuptgåande. Det her vorte bygd kring 1040 i Danmark. Mannskapet har vore på 5-8, og hatt eit segl på omlag 45 m². Skipet har egna seg til kortare reiser i danske farvatn og i Austersjøen. Toppfart har vore kring 10 knop. Skuldelev 3 er det best bevarte av Skuldelevskipa. Omkring 75 % av skipet vart berga.[5]

Vikingskipsmuseet i Roskilde har bygd rekonstruksjonen «Roar Ege», og i Tyskland har ein laga «Sigyn».[5]

Skuldelev 4[endre | endre wikiteksten]

Ved funnet av Skuldelevskipa meinte ein å ha funne seks skip. Nærare undersøkingar enda med at «Skuldelev 4» ikkje var eit sjølvstendig skip, men var delar som kom frå Skuldelev 2. Nummereringa av skipa er halden ved like.

Skuldelev 5[endre | endre wikiteksten]

Skuldelev 5 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 5 er eit lite, men langt krigsskip av snekketypen. Det er 17,3 m langt og 2,5 m breidd. Det har vore plass til ein besetning på omlag 30 mann. Det er brukt ulike tresortar i skipet: eik, fure, ask og or og det vart bygd kring 1030, i nærleiken av Roskilde. Der var brukt både nye og gamle plankar til skipet. Skipet har vor brukt i danske farvatn og i Austersjøen. Dei øvste plankane ved rælingen hadde hol til feste av skjold. Med eit segl på omlagg 46 m2 kunne skipet få ei fart på 6-7 knop og ein maksimal fart på 15 knop. Omkring 50 % av skipet var bevart.[5]

Vikingskipsmuseet i Roskilde står bak rekonstruksjonen «Helge Ask». I tilleg er «Lindheim til Sund» bygd i Ollerup, «Sebbe Als» i Augustenborg og «Glad av Gillberga» i Sverige.[8]

Skuldelev 6[endre | endre wikiteksten]

Skuldelev 6 utstilt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde.

Skuldelev 6 er ein 11,2 m langt og 2,5 m breid båt. Han har hatt årar og segl. Han kan ha vorte laga for fiskeri i dei norske fjordane. Liksom Skuldelev 1 var Skuldelev 6 bygd ved Sognefjorden i det vestlege Noreg omkring år 1030. Der er primært brukt furutre i båten. Skipet har hatt ein besetning på 5-15 mann. Han har vorte ombygd, truleg for å verte meir eigna som transportskip langs kystane, der han har vorte kategorisert som ferje, ei generell nemning for mindre transportskip. Omkring 70 % av skipet er bevart.[5]

Rekonstruksjonen «Kraka Fyr» vart bygd av Vikingskipsmuseet i Roskilde i 1998.[5] I 2012 fekk museet ein ny rekonstruksjon kalla «Skjoldungen». Denne gongen prøvde ein å vera meir presis i rekonstruksjonen, så han fekk ein annan bau og stavn enn den tidlegare kopien.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jørgen Jensen (12.juli 2012). «Med årer og sejl». Henta 26 november 2023. 
  2. 2,0 2,1 BBC Ancient history in-depth: Viking dig reports
  3. De fem vikingeskibe: Vikingeskibsmuseet i Roskilde
  4. «Viking Ship Museum: Skuldelev 1 – The ocean-going trader». Arkivert frå originalen 2. marts 2014. Henta 17. juli 2017.  Archived copy accessed 25 May 2017
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 «De fem vikingeskibe [The five Viking ships]» (på dansk). Viking Ship Museum Roskilde. Henta 9. januar 2016. 
  6. Nogle kilder angiver 65-70 mand (se Vikingeskibsmuseet: "The Five Viking Ships").
  7. «Havhingsten fra Glendalough (Skuldelev 2)». Arkivert frå originalen 6. april 2012. Henta 14. december 2011. 
  8. Lindheim Sunds. erantis.dk. Hentet 30/6-2017
  9. «Kraka Fyr og Skjoldungen 1998 og 2010» (på dansk). Viking Ship Museum Roskilde. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 9. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skuldelevskipa