Skule Torsteinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Skule Torsteinsson (norrønt: Skúli Þórsteinsson) var ein islandsk skald, han var fødd om lag 970 og truleg døydde han litt før år 1040.

Han var soneson av den kjende skalden Egil Skallagrimson og etter Skaldatal[1] var han ein av skaldane hos Eirik Håkonsson Ladejarl i tida frå omkring 990 til 1015. Ei kort skildring av livet hans finn vi i det siste avsnittet i soga om farfaren, Egils soga og han er òg nemnd i Soga om Gunnlaug Ormstunge.

Far til Skule var Torstein Egilsson på Borg på Island. Skule var lenge ute i viking og han skal ha vore med i sju slag på vikingferdene sine. Då han var omkring 20 år gamal reiste han til Noreg og vart hirdmann og skald hos Eirik jarl på Lade og han var stamnbu på Eririk jarl sitt skip, Jernbarden, under slaget ved Svolder. Om lag år 1015, truleg på den tida då Eirik jarl forlet Noreg og reiste til England, drog han attende til Island der han tok over ættegarden Borg og vart buande der til han døydde i høg alder. Han var gift med Bera Ormsdotter og dei hadde i det minste borna Egill og Geirlaug.

Kjende dikt av Skule Torsteinsson er desse:

  • Dikt om slaget ved Svolder[2] - truleg skrive på Island på hans eldre dagar.
  • Lausavise[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  2. Dikt om Svolder av Skule Torsteinsson (Skaldic Project)
  3. Lausavise av Skule Torsteinsson (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]