Cirrus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cirrus
Ein himmel dekt av cirrusskyer
Ein himmel dekt av cirrusskyer
Høgd Over 7000 m
Utsjånad Tynne, pistrete trådar
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ci

Ei cirrussky eller fjørsky er ein skytype som består av iskrystallar og er karakterisert ved tynne, pistrete trådar som ofte er vove saman i eit slør. Ofte er desse tynne skytrådane så utstrakte at dei er umogeleg å skilje frå kvarandre og dei dannar eit slør kalla cirrostratus eller slørskyer. Av og til kan konveksjon i stor høgde danne ei anna form for cirrus kalla cirrocumulus eller makrellskyer. Namnet «cirrus» kjem av det latinske ordet som betyr «hårstrå» eller «hårdott».

Mange cirrusskyer produserer hårliknande trådar som er laga av iskrystallar som fell frå desse. Desse «fallstripene», ei form for virga, er ofte teikn på forskjellig vindretning (vindskjer) mellom den øvre delen av cirrusskya og lufta under den. Av og til kan toppen av cirrusskya bevege seg raskare enn lufta like under skya, eller stripene kan falle ned i et luftlag som bevegar seg raskare enn lufta over. Retninga på desse vindane kan også variere.

Cirrus blir vanlegvis danna i høgder over 5000 m (16 000 ft). Det kan av og til sjå ut til at fallstripene er rette visst det ikkje er eit vindskjer i luftlaget, og skyene ser ut som eit komma (meiskyer eller cirrus uncinus). Viss fallstripene er samanfiltra er det ein indikasjon på turbulens. Dei fallande iskrystallane fordampar før dei når bakken. Ein mindre vanleg art av cirrusskyer er cirrus radiatus. Desse oppstår som lange parallelle striper, som ser ut til å stråle ut frå eit punkt på himmelen.

Cirrusskyer medverkar både til atmosfæren sin drivhuseffekt og til Jorda sin albedo (mengda av sollys som Jorda reflekterer). Dermed er ein ikkje sikker på om nettoeffekten av cirrusskyene faktisk varmar opp eller kjøler ned Jorda. Mykje av vanskane rundt dette ligg i å modellere effekten av albedoen i skyer som består av krystallar av forskjellig storleik og form. Eldre modellar underestimerte effekten av albedo i cirrusskyer. Betringar av denne effekten i klimamodellane vil gje betre klimavarsel.

Cirrusskyer kan både dannast i isolerte flak eller dekke store delar av himmelen, alt etter korleis fukta er fordelt. Visst cirrusskyene dekkjer store område kan det tyde på at eit frontsystem eller forstyrringar i høgda nærmar seg. Cirrusskyer kan óg vere restande av torevêr. Ambolten som blir danna i samband med cumulonimbusskyer er eigentleg cirrus. Ambolten blir danna når torevêr pumpar fukt opp til toppen av troposfæren. Når uvêret er fullt utvikla kan høgdevindar fordele ambolten over himmelen og danne omfattande cirrusformasjonar over lange strekningar i den retninga vinden bles. Eit stort område med cirrus og cirrostratus er også vanleg i samband med tropiske orkanar. Cirrusskyer kan også bli danna som følgje av kondensasjonsstriper frå jetfly. Effekten av desse kondensasjonsstripene har blitt eit auka problem og er ein viktig del av diskusjonen rundt luftfart og klimaendringar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]