Euro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Euro
Euro-Banknoten.jpg
Land Andorra, Austerrike, Belgia, Estland,
Finland, Frankrike, Hellas, Irland,
Italia, Kosovo, Kypros, Litauen, Luxembourg,
Malta, Monaco, Montenegro, Nederland,
Portugal, San Marino, Slovakia, Slovenia,
Spania, Tyskland, Vatikanstaten
Delt i 100 cent
Valutakode EUR
Innført 1. januar 1999 (elektronisk valuta)
1. januar 2002 (myntar og setlar)
Myntar 1 cent, 2 cent, 5 cent, 10 cent,
20 cent, 50 cent, 1 euro, 2 euro
Setlar 5 euro, 10 euro, 20 euro, 50 euro,
100 euro, 200 euro, 500 euro
Land som brukar euro.
Euro mot sambandsstatsdollaren frå 1999 til 2004.
Eurosymbolet med offisielle fargar.

Euro () er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i 18 EU-land (kjent som Eurosona) i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino, Montenegro, Kosovo og Vatikanstaten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.

I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei landa som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil venteleg på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sette.

Pengane[endre | endre wikiteksten]

1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.

Eurosona[endre | endre wikiteksten]

Euro er primært valuta i eurosona som består av 17 EU-land.

Euro-symbolet føre den europeiske sentralbanken i Frankfurt
# EU-land Innførd
1 Flag of Belgium (civil).svg Belgia 1. januar 1999
2 Flag of Estonia.svg Estland 1. januar 2011
3 Flag of Finland.svg Finland 1. januar 1999
4 Flag of France.svg Frankrike 1. januar 1999
5 Flag of Greece.svg Hellas 1. januar 2001
6 Flag of Ireland.svg Irland 1. januar 1999
7 Flag of Italy.svg Italia 1. januar 1999
8 Flag of Cyprus.svg Kypros 1. januar 2008
9 Flag of Lithuania.svg Litauen 1. januar 2014
10 Flag of Luxembourg.svg Luxembourg 1. januar 1999
11 Flag of Malta.svg Malta 1. januar 2008
12 Flag of the Netherlands.svg Nederland 1. januar 1999
13 Flag of Portugal.svg Portugal 1. januar 1999
14 Flag of Slovakia.svg Slovakia 1. januar 2009
15 Flag of Slovenia.svg Slovenia 1. januar 2007
16 Flag of Spain.svg Spania 1. januar 1999
17 Flag of Germany.svg Tyskland 1. januar 1999
18 Flag of Austria.svg Austerrike 1. januar 1999

Euro er òg offisiell valuta i seks statar og eitt område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosona. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.

Små statar og område Valuta
Flag of Andorra.svg Andorra Erstatta fransk franc og spansk peseta med euro den 2002-01-011. januar 2002

[1] [2]

Flag of Monaco.svg Monaco Erstatta fransk franc med euro den 2002-01-011. januar 2002 [3], kan prege euromyntar.
Flag of San Marino.svg San Marino Erstatta italiensk lire med euro den 2002-01-011. januar 2002 [4], kan prege euromyntar.
Flag of the Vatican City.svg Vatikanstaten Erstattet italiensk lire med euro den 2002-01-022. januar 2002 [5] [6], kan prege euromyntar.
Det britiske flagget Akrotiri og DhekeliaKypros Erstatta kypriotisk pund med euro den 2008-01-011. januar 2008
Land frå det tidlegare Jugoslavia Valuta
Flag of Kosovo.svg Kosovo I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark i det sørlege Kosovo. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002
Flag of Montenegro.svg Montenegro I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002

Danmark, Storbritannia og Sverige[endre | endre wikiteksten]

Maastricht-traktaten tredde i kraft den 1993-11-011. november 1993 vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosona. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.

Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den 1999-01-011. januar 1999, men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakka om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Euro

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 2004/548/EC: Council Decision of 11 May 2004 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Andorra, 11. mai 2004
  2. 2004/750/EC: Council Decision of 21 October 2004 on the opening of the negotiations on an agreement concerning monetary relations with the Principality of Andorra, 21. oktober 2004
  3. 1999/96/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Monaco, 31. desember 1998
  4. 1999/97/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Republic of San Marino, 31. desember 1998
  5. 1999/98/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with Vatican City, 31. desember 1998
  6. 2003/738/EC: Council Decision of 7 October 2003 on the adoption of amendments to be made to Articles 3 and 7 of the Monetary Convention between the Italian Republic, on behalf of the European Community, and the Vatican City State, represented by the Holy See, and authorising the Italian Republic to give effect to these amendments, 7. oktober 2003
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!