Slalåm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Slalåm er opphavleg eit norsk uttrykk frå Telemark. Det skildrar å køyre på ski ned ein bakke, i sikksakk mellom hinder. Ordet kjem frå sla 'hellande' og låm 'løype'.

Dei første skiløparane i Morgedal skilte løypene sine mellom slalåm, ufsilåm og uvyrdslåm. Slalåm var nemninga på ei løype eller eit spor (låm) i ein slak bakke eller skråning (sla), mest for kvinner og barn. Ufsilåm var ei bratt løype med eitt hinder som kunne vere eit hopp, gjerde, ein vanskeleg unnamanøver, eit juv, ein fjellskrent eller anna. Uvyrdslåm var ei løype som starta langt oppe og hadde fleire slike hinder.

Slalåm i moderne form er ei konkurransegrein i alpin skiidrett som går ut på at utøvaren må ta seg ned ein bakke og passere mellom oppsette portar. For mennene er det mellom 55 og 75 portar, medan damene konkurrerer i mellom 40 til 60 portar.

Nest etter telemarkskjøring blir slalåm rekna som den mest tekniske av dei alpine skidisiplinane fordi det er i denne greina portane står tettast, det vil seie med kortast avstand mellom kvarandre. Svingane slalåmkøyraren må ta gjennom portane blir derfor hurtige og korte.

Øvinga har stått på det olympiske programmet sidan OL 1948 i St. Moritz.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Nynorskordboka