Slavonski Brod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slavonski Brod
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Brod-Posavina
Geografi
Flatevidd
 - By

50,27 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)

61 823
Koordinatar 45°16′″N 18°01′″EKoordinatar: 45°16′″N 18°01′″E
Høgd over havet 96 m
Diverse anna
Heimeside: www.sbonline.net

Slavonski Brod er den sjette største byen i Kroatia med eit folketal rundt 60 000 (2007). Byen vart kalla Marsonia under Romarriket og Brod na Savi i 12441934. Byen ligg i området Slavonia, og er senteret i Brod-Posavina fylke. Han har òg ei hamn ved elva Sava, og ligg 197 km søraust for Zagreb. Ordet 'Brod' er kroatisk for skip.

Byen Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina ligg på andre sida av Sava.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen utvikla seg ved det strategisk viktige kryssingspunktet over elva Sava mot Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina. I dag går motorvegen ZagrebLipovacBeograd (E70, A3) og jarnbanen ZagrebVinkovciBeograd gjennom byen. Ein ny og moderne motorveg er under konstruksjon, den internasjonale gjennomfartsåra 5C, som vil knyte Nord-Europa og Ungarn med Kroatia (Slavonia), Bosnia-Hercegovina og igjen Kroatia (Dalmatia). Denne motorvegen vil gå om lag 16 km frå sentrum av byen. Når denne vegen står ferdig vil Slavonski Brod verte eit av dei store knutepunkta for motorvegane som går nord-sør og aust-vest.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]