Slektskapsseleksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Slektskapsseleksjon er ein evolusjonær mekanisme som vert nytta som forklaring på korleis altruisme kan oppstå evolusjonært. Prinsippet vart lansert av J. B. S. Haldane (1955), uttrykt matematisk av William D. Hamilton (1963), og fekk namnet kin selection i 1964 av John Maynard Smith.

Hovudpoenget med slektskapsseleksjon er såkalla inklusiv fitness - at det finst fleire måtar enn formeiring ein organisme kan bruka for å få gena sine spreidd til neste generasjon. Det er til dømes reint statistisk 50 % sjanse for at ein delar eit gitt gen med ein bror, ei søster, ein forelder eller eit eige avkom. Gen som får ein organisme til å hjelpa slektningar å få avkom kan såleis spreie seg indirekte.

Det klassiske dømet på slektskapsseleksjon er eusosiale insekt som maur og bier; insektsamfunn kor sterile arbeidarar jobbar på spreng for å hjelpa mor si (dronninga) å produsera fleire søsken.

Hamilton-likninga[endre | endre wikiteksten]

William D. Hamilton vert av mange rekna som slektskapsseleksjonen sin far på grunn av likninga si, som viser kva for tilhøve som må til for at slektskapsseleksjon skal finna stad.

I denne likninga er r den såkalla slektskapskoeffisienten, som fortel kor sannsynleg det er at eit gitt gen er å finna i slektningen ein hjelpar. Dette talet er alltid mellom 0 og 1 - for heilsøsken er det til dømes normalt 50%, medan det for halvsøsken er 25%. I årevenger, som er haplodiploide (hoene har kromosoma sine i par som vanlege dyr, medan hannane er haploide og har berre ein kopi av kvart) er heilsøsken heile 75%

Variabelen B står for kva for vinst slektningen vil få ut av tenesta, målt i kor mange fleire avkom hjelpen vil føra til. Denne verdien baserer seg på reknestykke om forventa tal på avkom, og vil følgjeleg variera ut frå alder og kjønn – gutar vil favoriserast framfor jenter fordi dei i teorien kan gje opphav til fleire tusen gongar så mange born, og unge vil favoriserast framfor gamle fordi dei vil vera fruktbare over eit lengre tidsrom.

Til slutt står C for kostnaden hjelpen påfører organismen. Denne er òg målt i tal på avkom.

Samla fortel likninga at sannsynet for slektskapsseleksjon aukar når slektskapen er nært og når hjelpen gjev slektningen ein vesentleg større fordel enn ulempa hjelparen pådreg seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Freeman, Scott & Herron, Jon C: Evolutionary analysis Pearson Education 2007
  • Giske, Jarl & Jacobsen, Per: Evolusjon og økologi - en innføring Fagbokforlaget 2007