Slips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To menn med slips og ein utan.

Slips (truleg frå lågtysk slippe, 'flik, snipp')[1] er eit avlangt tøystykke knytta rundt halsen under skjortekragen, der endane heng ned framme på brystet. Slips kan vera sydde, strikka, hekla, bandvovne og anna. Dei vanlegaste typane er av vove stoff og kan vera fora. Form og breidd kan varierar med mote og stil. Slips blei utbreidde frå siste tredjedel av 1800-talet. Dei utvikla seg frå halsbind.[2]

Slipsknuten er synleg på framsida av halsen, og kan ha ulike former som four-in-hand og enkel eller dobbel windsor. Ein kan hala slips inntil skjorta med slipsnål eller slipskjede.

Diagram for knyttng av «enkel windsor», ein vanleg slipsknute.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fransk leksikonplansje som viser historiske kravattar, det vil seia knytta halstørkle, slips og sløyfer for menn, særleg frå fransk mote og på 1800-talet:
1. Skjerf bore av romersk soldat
2. Militært halstørkle frå 1600-talet
3. Sjøoffiser med halstørkle på 1600-talet
4. Incroyable 1795 (motelaps frå direktoire-tidean)
5. Militært halsbind frå empire-perioden
6. Ca. 1830
7. Papillon-sløyfe
8. Kvit gallasløyfe
9. Echarpé, breitt slipskjerf
10. La Vallière
11. Plastron, breitt skjortebryst-slips
12. Régate
13. Militærskjerf
14. Toreador med slips

Den første dokumenterte bruken av halstørkle blant menn i Europa kan ein finna på Trajansøyla i Roma. I renessansen byrja rike menn å bruka silketørkle i halsen. På 1600-talet kom kroatiske leigesoldatar til Frankrike under Ludvig XIII. Dei peika seg ut med ein særskild måte å binda skjortesnippene saman med kvite halstørkle på. Kong Ludvig XIV oppretta regimentet Royal-Cravates for dei i 1666. Drakten blei også teken i bruk ved det franske hoffet, og blei kjend som cravate eller kravatt. Dette er eit plagg ein dag ein type halsbind som ein i dag bruker til sjakett.

Slips og sløyfer utvikla seg vidare på 1800-talet, med fleire fastlagde former frå slutten av hundreåret. Det moderne slipset fekk utforminga si rundt 1925.[3] Ein slipsmakar i New York, Jesse Langsdorf, tok patent[4] på å klippa stoffet på skrått og sy saman tre ulike delar. Denne teknikken gjorde plagget meir elastisk samstundes som det heldt forma. Rundt den same tida tok ein i bruk blindsting for å sy fast foret, som kunne vera av ull, bomull eller til og med avispapir.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Brukt blir som regel brukt av menn saman med dress, eller jakke og bukse, i formelle eller høgtidelige samanhengar som bryllaup, gravferder, fødselsdagsfeiringar og liknande. Det kan også brukast på ein del arbeidsplassar. Nokre stader er slips del av uniforma, då også for kvinner, som i militæret, politiet og i diverse andre yrke. I nokre land er slips også del av skuleuniformer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «slips» i Nynorskordboka.
  2. «slips» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Roetzel, Bernhard (1999). En Rigtig Gentleman 1. Könemann. s. 124. ISBN 3-8290-2027-9. 
  4. J.E. Langsdorf, 1923, Necktie, «US patent 1448453». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Slips