FC Barcelona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FC Barcelona
Camp Nou més que un club.jpg
Fullt namn Fútbol Club Barcelona
Kallenamn Barça, Azulgranas, Culés
Grunnlagd 1899
Heimebane Estadi Mediterrani,
Barcelona
(Kapasitet: 99 600)
President Josep Maria Bartomeu
Hovudtrenar Ronald Koeman
Liga Primera División
Nettstad fcbarcelona.com
Heimedrakt
Bortedrakt

Futbol Club Barcelona er ein spansk (katalansk) fotballklubb. Heimebana Camp Nou ligg i byen Barcelona.

FC Barcelona er den største idrettsklubben i verda med over 130 000 medlemar frå heile verda. Fotballaget er det einaste som har delteke i europacupar uavbrote sidan byrjinga i 1955. Klubben sine andre lag (basketball, håndball, landhockey, friidrett, ishockey, innefotball, rugby, baseball, volleyball og kvinnefotball) har vunne ei rekkje titlar både nasjonalt og internasjonalt. FC Barcelona har 21 spanske seriemeisterskap, 25 sigrar i den spanske cupen, to sigrar i UEFA Champions League/Serievinnarcupen, fire i cupvinnarcupen og fire i UEFA-cupen.

Noverande hovudtrenar er Ronald Koeman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tilhengjarar i Barcelona-fargar
Barcelonaspelarar i kamp mot Real Club Celta de Vigo
Klubben sin typiske førsteellevar i 2005

FC Barcelona vart stifta den 29. november 1899 av sveitsaren Hans Gamper. Hans, som i Katalonia vert kalla Joan, var ein fotballentusiast og kom til Barcelona først i 1898 i samband med forretningar. Allereie i 1901 vann klubben sin første tittel.

Da den spanske ligaen (La Liga) vart stifta i 1929 vann FC Barcelona den første sesongen. Klubben fekk problem i tida etter den spanske borgarkrigen. Klubben følte seg ofte diskriminert i høve rivalen frå Castilla, Real Madrid.

Etter vanskelege år i etterkrigstida fekk klubben ei renessanse då nederlendaren Johan Cruijff kom til klubben i 1973. Den rekordhøge overgangssummen på £ 922 300 vart raskt gløymd då han leia FC Barcelona til ein 5-0-seier mot Real Madrid på Santiago Bernabéu, noko som sikra FC Barcelona serieimesterskapen.

Tidleg i 1990-åra vart FC Barcelona den leiande klubben i Spania, med fire seriemeisterskap på rad frå 1990 til 94, i tillegg til ein siger i Champions League. Klubben vart på denne tida leia av Cruyff.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Namn i tabellen vart endra i august 2020. Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Tyskland K Marc-André ter Stegen [1]
2 Flagget til Portugal F Nélson Semedo
3 Flagget til Spania F Gerard Piqué
4 Flagget til Kroatia MB Ivan Rakitić
5 Flagget til Spania MB Sergio Busquets
8 Flagget til Brasil MB Arthur (overgang til Juventus 1. september 2020)
9 Flagget til Uruguay A Luis Suárez
10 Flagget til Argentina A Lionel Messi Kaptan logo.svg
11 Flagget til Frankrike A Ousmane Dembélé
Nr. Posisjon Spelar
13 Flagget til Brasil K Neto
15 Flagget til Frankrike F Clément Lenglet
16 Flagget til Senegal F Moussa Wagué
17 Flagget til Frankrike A Antoine Griezmann
18 Flagget til Spania F Jordi Alba
19 Flagget til Danmark A Martin Braithwaite
20 Flagget til Spania F Sergi Roberto
21 Det nederlandske flagget MB Frenkie de Jong
22 Flagget til Chile MB Arturo Vidal
23 Flagget til Frankrike F Samuel Umtiti
24 Flagget til Spania F Júnior Firpo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: FC Barcelona


Primera Division 2010/2011

Almería | Athletic Bilbao | Atlético Madrid | Barcelona | Deportivo de La Coruña | Espanyol | Getafe | Hércules | Levante | Málaga | Mallorca | Osasuna |
Racing Santander | Real Madrid | Real Sociedad | Sevilla | Sporting Gijón | Valencia | Villarreal | Zaragoza