Sluk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fiskereiskapen, sjå fiskesluk.
Sluk under vatn i eit basseng.

Sluk eller avløpsopning er ei sylinder- eller skålforma opning eller trakt som noko fer ned gjennom. Døme kan vere i ei opning til kloakkavløp, avslutning av avløpsrøyr for oppsamling av vatn frå golv, tak og liknande.

Inne i bygningar monterer ein sluk på golv der det er risiko for søl av vatn, til dømes baderom og andre våtrom. Slukane er utførte med vasslås og med rist over opningen. Golvsluk har knytast til mindre avløpsleidningar frå vaskekommar, bidéar og badekar. Avløpsleidningane frå sluket blir lagde i golvet og knytte til eit avløpsrøyr.

For baderom blir det levert spesielle sluk for montering i vegg, veggsluk. For nedløp frå flate tak bruker ein taksluk som blir leverte utan vasslås, ofte med varmeelement for å hindre at sluket frys att om vinteren. Industrisluk har ei særleg solid utføring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]