Fiskesluk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spinnarar er små slukar med rørlege delar, laga for lett fiske.
Typisk tradisjonell kobberfarga og «prikka» skeisluk. Sluken er forma som bladet på ei skei.
Moderne sildeforma handprodusert svensk sluk laga av polyuretan rundt ei kjerne av bly, påført farge og glitter med klarlakk ytst.

Fiskesluk eller berre sluk er ein fiskereiskap utforma for å brukast som kunstig agn ved å likna ein fisk eller annan freistande lokkemat ved utsjånaden og rørslene sluken lagar når han vert drege gjennom vatnet. Sluken har også ein eller fleire onglar.

Ein nyttar sluk ved stongfiske med kastestong og snelle, under dorging ved å trekke ein eller flere slukar i snøre etter ein båt, eller trekt ved bruk av ei oterfjøl frå båt eller frå stranda. Slukar vert laga i mange ulike storleikar, utformingar, fargar og tyngder, tilpassa bruksområde og fiskeslag. Dei er som oftast laga av metall, men kan også vera av ulike komposittmateriale. Mellom sportsfiskarar er det mange og skilde meiningar om kva slags slukar som er dei beste under ulike tilhøve og til ulike fiskeslag, og utvalet i butikkane er ofte stort og forvirrande.

Pilk er ein type sluk som er meint å skulle sleppast ned i vertikale rørsler frå ein båt, eller ned gjennom eit hol i ei islagd vatnflate ved isfiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.