Slumdog Millionaire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slumdog Millionaire
Slumdog-logo.svg
RegiDanny Boyle, Loveleen Tandan Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Tessa Ross Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Christian Colson Sjå dette på Wikidata
ManusSimon Beaufoy Sjå dette på Wikidata
Basert påQ & A Sjå dette på Wikidata
MedverkandeDev Patel, Freida Pinto, Rocío pereyra, Anil Kapoor, Irrfan Khan, Mahesh Manjrekar, Tanay Chheda, Tanvi Ganesh Lonkar, Ashutosh Lobo Gajiwala, Ayush Mahesh Khedekar, Rubina Ali, Azharuddin Mohammed Ismail, Saurabh Shukla, Anand Tiwari, Faezeh Jalali, Ankur Vikal, Rajendranath Zutshi Sjå dette på Wikidata
KlippChris Dickens Sjå dette på Wikidata
MusikkA. R. Rahman Sjå dette på Wikidata
SjeffotografAnthony Dod Mantle Sjå dette på Wikidata
DistributørFórum Hungary, Fox Searchlight Pictures, iTunes Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato30. august 2008
Lengd120 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk, hindi
Inntening377 910 544 US-dollar Sjå dette på Wikidata
To av hovudrolleinnehavarane, Freida Pinto og Dev Patel, besøkjer Toronto Internasjonale Filmfestival i 2008.

Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt er ein britisk film frå 2008 regissert av Danny Boyle. Filmen er basert på boka Q&A av Vikas Swarup, og er spelt inn i India. Filmen vann publikumsprisen under Toronto Internasjonale Filmfestival i 2008.

Filmen følgjer gatebarnet Jamal Malik frå han er ein ung gut til han som ein ung mann deltek i den indiske versjonen av Vil du bli millionær?. Gjennom spørsmåla vert Jamal si historie fortald.

Danny Boyle ynskte opphavleg ikkje å lage ein film om Vil du bli millionær?, men då han fann ut at manusforfattar var Simon Beaufoy, som hadde skrive manus til ein av Boyles britiske favorittfilmar, I blanke massingen, valde han å lese manuset.

Filmen er blant anna spelt inn i slummane Dharavi og Juhu i Mumbai og ved Taj Mahal.

Slumdog Millionaire – Han som hadde svar på alt hadde norsk premiere 23. januar 2009.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Filmen vann åtte av de ti prisane han var nominert til under Oscar-utdelinga i 2009, blant anna for beste film og beste regi[1] og blei kåra til beste film i 2008 av The National Board of Review. Filmen var nominert i fire kategoriar under 2008-utgåva av Golden Globes, og vann alle fire: for beste dramafilm, beste regissør, beste manus og beste filmmusikk.[2]

Her i Noreg vann han Amandaprisen for beste utanlandske kinofilm i 2009.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. IMDb: 81st Annual Academy Awards Arkivert 2009-01-24 ved Wayback Machine. - vinnarar og nominerte til Academy Awards 2008
  2. IMDB: 66th Annual Golden Globe - Awards Arkivert 2009-01-18 ved Wayback Machine. - vinnarane av Golden Globe 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]