Smrk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smrk
fjell
Nordsida av Smrk tidleg på våren
Land  Tsjekkia
Fjellkjede Dei moravisk-schlesiske Beskidane
Høgd 1 276 moh.
Koordinatar 49°30′30″N 18°22′20″E / 49.50833°N 18.37222°E / 49.50833; 18.37222
Kart
Smrk
49°30′29″N 18°22′15″E / 49.508055555556°N 18.370833333333°E / 49.508055555556; 18.370833333333
Wikimedia Commons: Smrk (Radhošťský hřbet)

Smrk er eit fjell i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i Tsjekkia. Med ei høgd på 1 276 m er fjellet det nest høgaste i fjellkjeda etter Lysá hora. Nordsida av fjellet stig bratt oppover frå det omliggande låglandet, og er fråskild resten av fjella av dei djupe elvedalane Ostravice (i aust) og Čeladenka (i vest) renn gjennom. I sør går fjellet i hop med det lågare fjellområdet Zadní hory.

Sjølv om namnet (som tyder gran) tyder på noko anna, var fjellet stort sett dekt av bøk- og furuskog, med høgare gran nær toppen. Då den industrielle revolusjonen starta i området rundt fjellet på 1700- og 1800-talet vart det oppretta mange jernverk. Desse kravde ved til fyring, og den opphavlege skogen vart hogd ned og erstatta av gran. Desse skogane fekk påført stor skade på grunn av dei kraftige utsleppa frå industriområdet i Ostrava, og fordi mange av grantrea som vart planta ikkje var tilpassa det lokale klimaet. Dermed voks det ikkje tre i dei øvre områda i nord, medan dei andre fjellsidene ikkje var like øydelagde. Særleg i elvedalen Čeladenka er det ein del av den opphavlege (og nyplanta) bøkeskogen.

Det er avgrensa utsyn frå toppen, som stort sett er dekt av fjellfuru. Ved sida av den sekundære fjelltoppen Malý Smrk står det minnesmerke for John Lennon og Jan Palach.

Smrk er ein del av det verna landskapsområdet Beskydy (tsjekkisk Chráněná krajinná oblast Beskydy). Toppen ligg delvis i den mest verna delen av området. I tillegg er det oppretta reservat i dei best bevarte og mest verdifulle områda rundt begge toppane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]