Snabeldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snabeldyr


Afrikansk elefant, Loxodonta africana
Afrikansk elefant, Loxodonta africana

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Infraklasse: Eutheria
Overorden: Afrotheria
Orden: Proboscidea
Illiger1811
Familiar
  • nolevande:
    Elephantidae
    Gomphotheriidae
    Mammutidae
    Stegodontidae
    • utrydda tidlegare:
    Amebelodontidae
    Anthracobunidae
    Barytheriidae
    Choerolophodontidae
    Deinotheriidae
    Gnathabelodontidae
    Hemimastodontidae
    Moeritheriidae
    Numidotheriidae
    Palaeomastodontidae
  • Snabeldyr (Proboscidea) er ein orden som omfattar éin nolevande familie, Elephantidae, og fleire utdøydde familiar, Gomphotheriidae (ein underfamilie av Elephantoidea), kanskje Stegodontidae (avhengig av plasseringa av Stegodon) og Mammutidae. Elephantidae omfattar tre levande elfeantartar (afrikansk steppeelefant, afrikansk skogelefant og asiatisk elefant) og dei no utdøydde mammut-artane av slekta Mammuthus frå Eurasia og Nord-Amerika. Mot slutten av den siste istida fanst det òg fleire artar gomphotheriidae i Mellom- og Sør-Amerika, fleire stegodonar i delar av Asia, og den amerikanske mastodonten frå familien Mammutidae i Nord-Amerika.[1]

    Lenger attende i tida, under neogen, fanst òg familiane Platybelodon og Amebelodon. Det eldste kjende snabeldyret er Eritherium[2], følgd av Phosphatherium, begge frå paleocen-lag i Marokko. Frå eocen-tida er det kjend fleire svært primitive snabeldyr, mellom anna dei afrikanske Numidotherium, Barytherium og Moeritherium, og Anthracobunidae frå det indiske subkontinentet.

    Snabeldyra kan oppsummerast slik:

    Proboscidea
    Elephantidae
    Elephas (asiatisk)
    Elephas maximus
    Elephas maximus maximus
    Elephas maximus indicus
    Elephas maximus sumatranus
    Loxodonta (afrikansk)
    Loxodonta africana
    Loxodonta cyclotis

    Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Wikispecies
    Wikispecies har taksonomisk informasjon om Proboscidea