Marokko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
المملكة المغربية
Al Mamlaka al-Maghrebiya

(norsk: Marokko, marokkansk)

Det marokkanske flagget Det marokkanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hymne Chérifien»
Motto Arabisk: الله، الوطن، الملك (Gud, land og konge)
Geografisk plassering av Marokko
Offisielle språk Arabisk, Tamazight
Hovudstad Rabat
Styresett
Monarki
Mohammed VI
Abdelilah Benkirane
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
446 550 km² (57.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
32 309 239 (38.)
72,4 /km² (96.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
2. mars, 1956
Nasjonaldag 30. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
153 800 mill. USD (57.)
4 900 USD (120.)
Valuta Marokkansk dirham
Tidssone UTC
Telefonkode +212
Toppnivådomene .ma


Marokko er eit nordafrikansk kongedøme. Det har kyst mot Atlanterhavet, Gibraltarsundet og Middelhavet, og grensar til Algerie i aust, Vest-Sahara i sør, og Spania i nord gjennom fleire små eksklavar. Marokko har okkupert størstedelen av Vest-Sahara sidan 1975 og administrerer området, sjølv om dette ikkje er internasjonalt godkjend.

Kart over Marokko utan det omstridde Vest-Sahara.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske namnet på landet tyder 'det vestlege kongedømet', og blir ofte forkorta til Al Maghrib, 'Vesten'. Namnet Marokko, som blir brukt på dei fleste andre språk, er avleia av namnet på den tidlegare hovudstaden Marrakech.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Capsienkulturen utvikla seg i området rundt 8000 f.Kr., då Marokko var mykje meir fruktbart enn no. Den eldste folkegruppa i området me kjenner til er berbarar. Sjøreisande fønikarar busette seg ved kysten før romarane tok kontroll over området som Mauretania Tingitana. På 400-talet jaga vandalar, visigotarar og bysantarar kvarandre ut i rask rekkjefølgje medan berbarane haldt på makta i fjella sine. På 600-talet blei landet erobra av muslimske arabarar som har prega kulturen sidan.

Marokko braut laus frå kalifatet i Bagdad under Idris ibn Salih som grunnla idrisidedynastiet. Landet blei ei stormakt og eit kulturelt senter, men blei etter kvart svekka av indre splid, samstundes som europeiske makter og Det osmanske riket trua utanfrå.

Landet blei frivillig eit protektorat i 1912 då sultan Abdelhafid gav Frankrike overherredøme over riket, samstundes som Spania fekk herredømet over Tanger. Etter lang tids kamp fekk landet sjølvstende i 1956, og Tanger blei igjen innlemma i riket.

Marokko okkuperte store delar av den dåverande spanske kolonien Vest-Sahara i 1975 og 1976.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Marokko frå 2002

Landet har ei lang grense mot Algerie i aust og søraust som er stengd for gjennomgang. Det grensar til Spania ved dei fire spanske eksklavane på den afrikanske middelhavskysten: Ceuta, Melilla, Peñón de Vélez de la Gomera og Peñón de Alhucemas.

Marokko omfattar mange ulike naturmiljø. Landet dannar ein geologisk overgangssone mellom slettelandet i Afrika og det alpine fjellsystemet. Mesteparten av den søraustlege delen av landet ligg i Sahara og er goldt og har få innbyggjarar. Fjell dekker store delar av Marokko. Dei sentrale delane av massiva består av krystallinske grunnfjellsbergartar, medan dei yngre foldingsbergartene mest er frå jura og kritt, til dels med basaltdekker mellom laga. I senkingane ligg tertiære og kvartære avleiringar, mellom anna fosfatleire.

Fjellkjeda Midtre Atlas (Moyen Atlas), flankert av elva Oum er-Rebia som renn mot Atlanterhavet, og av Moulouya som renn mot Middelhavet, hevar seg til over 3000 moh. I sørvest glir ho saman med Høge Atlas (Haut Atlas), som i Jabal Toubkal når 4165 moh, det høgaste fjellet i Marokko. Sør for desse fjella, avbrote av ein senkingssone, ligg Antiatlasfjella. Fjella når ca 2500 moh, men liknar meir på eit platåland enn ei fjellkjede. Sørskråningene er golde og strekkjer seg ut mot den ofte tørrlagde elva Oued Drâa. I nord går dei ca 2000 m høge Riffjella i ein boge av høge fjellryggar og breie dalar parallelt med den bratte kysten, frå Tanger i vest nesten til Melilla i aust. Fjella fell sørover mot den trekantede Sebousletta som dannar eit alluvialt lågland. Det lågaste punktet i landet er Sebkha Tah (55 m.u.h.). Fjella i nord er geologisk ustabile slik at jordskjelv kan skje. Både Riffjella i nord og Atlasfjella midt i landet er hovudsakleg folkesette av berbarar.

Det vestlege Marokko, som strekkjer seg frå Mellom- og Høge Atlas til Atlanterhavet, består for det meste av eit 400–700 m høgt platå (Marokkanske Meseta) gjennomskoren av elvedaler. Langs Atlanterhavet ligg ei smal kystslette, som er breiast sør for Casablanca.

Større miljøproblem er mangel på ferskvatn, erosjon på grunn av minkande vegetasjon, og oljeureiningar i havet.

Hovudstaden i landet er Rabat, medan Casablanca er største byen. Andre viktige byar er Agadir, Essaouira, Fes, Marrakech, Meknes, Oujda, Ouarzazat, Safi, Tanger, Tiznit, Salè og Tan-Tan.

Tissint-meteorittane[endre | endre wikiteksten]

I juli 2011 vart Tissint råka av eit meteoritt-regn med steinar på opptil ein kilo.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege kysten har middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjølige og fuktige vintrar. Mykje det same klimaet har ein innover i landet til foten av Atlasfjella, og langs kysten av Atlanterhavet. Atlanterhavskysten er faktisk enno meir temperert med mildare vintrar og mindre nedbør, og litt kjøligare somrar når havtåke sig inn mot land. På den andre sida av Atlasfjella ligg derimot Sahara som er tørr og svært varm. Kystområda av Marokko har ein normal maksimumstemperatur på 26 °C i juli, men når ein sørleg og støvete vind, kalla chergui, strøymer over fjella frå Sahara kan temperaturen kome opp mot 45 °C. Dei høgare områda av Atlasfjella kan derimot ha vinterlege forhold med snø og kraftig vind.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1. juli 2011 er arabisk det einaste offisielle språket i Marokko. Det har blitt vedteke at den nye grunnlova skal innføre det berbarspråket tamazight som det andre offisielle språket[1]. Då blir Marokko det første landet med eit offisielt berbisk språk.
Elles blir fransk mykje brukt i landet - både i offisielle dokument og i nærlingslivet - men det nyt ingen offisiell status.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marokko

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.kabyle.com/tamazight-langue-officielle-au-maroc-17649-18062011.html