Mellommål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Snacks)
Aloo tikki er ein indisk tsjat-rett som ofte blir brukt som mellommål.

Mellommål eller mellommat er eit mindre måltid som ein et mellom hovudmåltida. Det dreier seg gjerne om mat som er enkel å laga til eller kjøpa.

Ofte kan ein ha kald mat, som brødskiver, kjeks, frukt eller nøtter, til mellommål. Saltmat som chips eller søtmat som kaker, lappar og vaflar er også vanleg. Visse typar rettar, som dim sum, taco, tapas og tsjat, blir mykje brukte til mellommål i ulike kulturar. Nokre typar mellommål kan vera knytt til ein særskild drikk, som te (til dømes afternoon tea) eller kaffi (til dømes kaffimat).

Mellommål kan hjelpa til med å halda blodsukkeret på eit jamnt nivå. Samstundes kan hyppig eting, gjerne av mat med høgt salt- eller sukkerinnhald, føra til problem med rett ernæring og tannhelse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mellommål