Kjeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firkanta kjeks.
Oreo er ein type fylt kjeks.

Kjeks er flatvorne, små bakverk som er steikt tørre slik at dei kan halda seg i lang tid. Dei kan vera søte som kaker eller mettande som brød. Kjeks er typisk ei enkel tørr skive som er rund eller firkanta på fasongen. Nokre kjeks kan ha andre former, til dømes bokstavkjeks. Dei kan også ha søtt fyll, anten mellom to kjeks eller midt på éin, eller trekkast med til dømes sjokolade.

Kjeks blir ofte brukt som eit lite måltid, gjerne servert til te eller kaffi viss dei er søte, eller med ost og vin om dei ikkje er det.

Ordet «kjeks» er avleidd frå det engelske cakes, 'kaker'. På engelsk kallar ein kjeks biscuit (britisk engelsk) eller cookie for søt kjeks og cracker for annan kjeks (amerikansk engelsk).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjeks