Sogn Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sogn Avis
Type Dagsavis
Format Tabloid
Grunnlagd 1992
Eigarar Lokal eigarskap, A-pressa eig 10,5%.[1]
Redaktør(ar)
Ansvarleg redaktør: Jan Inge Fardal
Språk Norsk (nynorsk)
Hovudkvarter Hanehaug 23, 6863 Leikanger
Nettstad sognavis.no www.sognavis.no sognavis.no

Sogn Avis er ei dagsavis som kjem i Leikanger i Sogn og Fjordane. Avisa vart skipa i 1992 då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis (S/SA) og Sogn og Fjordane vart slegne saman.

Hovudredaksjonen ligg på Leikanger. Avisa har òg avdelingskontor i Sogndal.

Redaktørane i avisa har vore Gerhard Haugland (1992-2000), Jan Inge Fardal (2000-2001, konstituert), Kai Aage Pedersen (2001-2004), Rune Timberlid (2004-2005) og Jan Inge Fardal (frå 2005). Opplagstala har dei siste åra vore fallande.

Avisa kjem ut med 5 utgåver i veka (alle dagar utanom fredag og søndag). Sogn Avis er Sogn og Fjordane si nest største avis etter Firda.

Eigarskapen er i hovudsak lokal, men A-pressen eig 10,5 prosent av avisa.[1]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 10 770
2001 10 486
2002 11 245
2003 11 325
2004 11 203
2005 10 948
2006 10 884
2007 10 423
2008 10 085
2009 10 161
2010 10 053
2014 9 055

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 medieregisteret.no. Vitja 7. februar 2008.
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.