Sojuz 11

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mannskapet på Soyuz-11.

Sojuz 11 var namnet på det første Sojuz-fartøyet som lukkast med å kopla seg opp mot romstasjonen Saljut 1. Dei tre kosmonautane om bord, Georgij Dobrovolski, Viktor Pazajev og Vladislav Volkov vart dermed dei første menneska til å opphalde seg i ei romstasjon.

Sojuz 11 vart skoten opp den 6. juni 1971 frå Kosmodrom Bajkonur og kopla seg til Saljut 1 dagen etter, den 7. juni 1971 og var om bord romstasjonen for 22 dagar. Ved tilbakekomsten den 30. juni 1971 omkom dei tre kosmonautane av oksygenmangel. Ein luftventil som skulle utlikne trykket ved landing, hadde opna før den skulle og dermed slept all lufta ut i verdsrommet. Kosmonautane vart gravlagd på staten sin kostnad.

Romkapselen vart i etterhand endra, slik at det berre var plass til to mann, begge med romdrakter. Dette for å auke sikkerheita til kosmonautane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]