Soknedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kommunen Sokndal i Dalane, sjå Sokndal.

Soknedal
tettstad
Soknedal
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Midtre Gauldal
Areal 0,3 km²
Folketal 283  (2023)
Folketettleik 943 / km²
Postnummer 7288 SOKNEDAL
Preposisjon i Soknedal
Kart
Soknedal
62°57′4″ N 10°11′18″ E
Wikimedia Commons: Soknedal

Soknedal er ein tidlegare sjølvstendig kommune og ein tettstad i Trøndelag fylke. Tettstaden Soknedal har 283 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Soknedal var frå 1837 ein del av Støren formannskapsdistrikt. I 1841 vart Soknedal og Horg skilde ut som sjølvstendige kommunar. Soknedal hadde då 1 966 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Soknedal slegen saman med Budal, Singsås og Støren til den nye Midtre Gauldal kommune. Ved samanslåinga hadde Soknedal 1 916 innbyggjarar.

Soknedal stasjon
Soknedal kyrkje

Europaveg 6 og Dovrebanen går gjennom bygda.

Soknedal er også kjent for seterbruk som det er utgitt eiga bok om, Kom No, Dagros.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]