Midtre Gauldal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Midtre Gauldal)
Midtre Gauldal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Støren
Areal 1 861 km²
 - land 1 817 km²
 - vatn 44 km²
Folketal 6 140  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Sivert Moen (Sp)
Kommunenr. 5027
Kart
Midtre Gauldal kommune
62°55′16″ N 10°30′2″ E
Wikimedia Commons: Midtre Gauldal
Nettstad: midtre-gauldal.kommune.no

Midtre Gauldal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot kommunane Melhus og Selbu i nord, mot Holtålen i aust, mot Os og Tynset i sør, og mot Rennebu og Orkland i vest.

Talet på innbyggjarar var 5950 per 1. januar 2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunehistorie[endre | endre wikiteksten]

Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1964 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.

Rådhuset i Midtre Gauldal

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renn fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua i Sørtrøndelag som alle er gode lakseelvar.

Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.

Størenhallen

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri

Singsås

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.

Elvar, fjell og vatn[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bygdesenteret i Soknedal

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger.

Buosen ligg på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.

Idrettslag[endre | endre wikiteksten]

  • Støren Sportsklubb
  • Sokna Idrettslag
  • Rognes Idrettslag
  • Budal Idrettslag
  • Singsås Idrettslag

Korps[endre | endre wikiteksten]

  • Støren Skolekorps
  • Støren Musikkorps
  • Soknedal Skolekorps
  • Budal Skolekorps
  • Singsås Skolekorps

Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]