Hopp til innhald

Solan Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solan Gundersen er ein figur frå forteljingane til Kjell Aukrust om livet i Flåklypa. Solan er eit «opportunistisk eksemplar av hakkespettslekten».[1] Han vart ruga ut av egget i eit ospetre nær Glåma.[2] Han er evig optimist, og har alltid filttøflar og strikkeskjerf på seg, og har ikkje særleg høg moral. Det klassiske utbrotet hans er: «Nei, dra meg nå baklengs inn i fuglekassa!»[2]

Kjell Aukrust hevda at Solan og Ludvig var sider av han sjølv. Solan var typisk for haldninga hans i ungdomstida, medan Ludvig var typisk for den meir aldrande forfattaren, som var redd for det meste. Dei to var omtala som «guttene», og var å rekne som «born» i heimen hjå Aukrust. Då Kjell Aukrust døydde, stod dei båe oppførte i dødsannonsen som næraste pårørande.[3]

  1. «Aukrust og Solan». Hadeland. 4. oktober 1966. s. 6.
  2. 1 2 Jan Morten Frengstad (27. juli 2005). «Solan har tidenes norske filmreplikk». Østlendingen. Henta 2. januar 2023.
  3. Tone Knipperud &Roger Grosvold (24. desember 2019). «'Juletradisjonens far' døde selv på julaften». abcnyheter. Henta 2. januar 2023.