Solaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solaris er eit proprietært Unix-liknande operativsystem utvikla av det amerikanske firmaet Sun Microsystems. Det er ei vidareføring av Suns tidlegare operativsystem SunOS, og vart fyrst gjeve ut i 1992 for SPARC-maskinane åt Sun. Seinare har støtte for x86-arkitekturen vorte lagd til, og Solaris kan no lastast ned gratis frå sidene åt Sun. Solaris dannar grunnlaget for det frie systemet OpenSolaris, som vert utvikla av uavhengige programmerarar i lag med Sun.