Soliton
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein soliton er ei isolert bølgje som rører seg utan at energien til bølgja spreier seg over eit større område. Solitonar oppstår mellom anna i grunt vatn og i plasma, og to slike bølgjer kan passere kvarandre utan at dei blir endra. Bølgjene har somme fellestrekk med partiklar, så innanfor kvantefeltteori nyttar ein stundom solitonløysingar for å skildre elementærpartiklar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Grøn, Øyvind (15. februar 2009). «Soliton». Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.