Sollihøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sollihøgda kapell

Sollihøgda er ein tettstad som ligg i to kommunar og to fylke, Bærum i Akershus og Hole i Buskerud. E16 går over Sollihøgda. E16 når her sitt høgste punkt mellom Sandvika og Hønefoss, ca. 340 moh. Det bur om lag 200 her. Sollihøgda er eit populært utgangspunkt for skiturarKrokskogen aust og nord for vegen og i Vestmarka på vest- og sørsida.

Bærum kommune eig eit vassverk på Sollihøgda som forsyner rundt 500 menneske på Bærumssida av Sollihøgda med grunnvatn frå fjellgrunnen.

Sollihøgda kapell er ei langkyrkje i tre frå 1911 med 70 plassar.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Akershus og Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.