Vestmarka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestmarka og dei andre områda som vert rekna med til Oslomarka.

Vestmarka er eit skogs- og utmarksområde som ligg i dei tre kommunane Asker, Bærum og Lier i Viken fylke. Vestmarka høyrer til det skogs- og utmarksområdet kring Oslo som har fått namnet Oslomarka, og soleis underlagt den særlege lovgjevinga som gjeld for dette særs intensivt nytta fritids- og rekreasjonsområdet.

Namnet Vestmarka vart laga på slutten av 1800-talet som fylgje av at folk frå byen fekk interesse for å dyrke friluftslivet ved å gå fot- og skiturar i skogsområda kring hovudstaden; før denne tida hadde ingen gått i skogen utan å ha eit arbeid å gjere der. Namnet Vestmarka poengterer soleis at dette skogsområdet ligg vest for Oslo. Grovt sett vert Vestmarka avgrensa av Europaveg 16 i nordaust, og elles av Holsfjorden (ein arm av innsjøen Tyrifjorden) og Lierbygda i vest, og mot sør av Europaveg 18 over Lierskogen og dei jordbruksområda og tettbygde områda som ligg i kommunane Asker og Bærum. Dei næraste lutene av Oslomarka aust og nord for Vestmarka er Bærumsmarka og Krokskogen, i sør Kjekstadmarka.

Terrenget i Vestmarka er kupert, og ligg i gjennomsnitt på om lag 400 meter over havet; høgste punktet er toppen av Kraftkollen, 481 meter over havet. I høve til bygdene i Asker, Bærum og Lier, ligg Vestmarka på eit høgare nivå, og åsene på randa mot bygdene gjev difor godt utsyn over vedkomande bygder og fjordene dei grenser til, som til dømes utsynet frå toppen av Skaugumsåsen i Asker når det gjeld Indre Oslofjord og tilgrensande distrikt. Dei største vatna i Vestmarka er Semsvannet, Store Sandungen, Asdøltjern og Ståvivannet.

I Vestmarka er det eit tett nett av rydda og merkte turstigar og skiløyper, og dessutan skogsvegar som eignar seg for sykling. Stigane er merkte med blåe merke og skiløypene med raude merke.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Asker og Bærum Historielag har gjort mykje for å kartleggje og kaste ljos over Vestmarkas kultursoge, og har mellom anna gjeve ut desse bøkene:

  • Larsen, Jan Martin; Stenseng, Jon. 2000. Vestmarka : veifar og vandring . [Asker] : Asker og Bærum Historielag: ISBN 82-90095-08-2
  • Larsen, Jan Martin; Stenseng, Jon; Kittelsen, Kjell H. 2002 [2001]. Vestmarka : seterliv og kølabrenning. Asker og Bærum Historielag: ISBN 82-90095-09-0

Kart[endre | endre wikiteksten]

  • Orienteringskart i målestokk 1:10000 for dei ulike lutane av Vestmarka er utarbeidd av idrettslag som nyttar marka som trenings- og konkurranseterreng for orienteringsløparar.
  • Turkart Vestmarka i målestokk 1:20000 er utarbeidd og utgjeve av Asker Skiklubb på grunnlag av orienteringskarta, revidert i 2009, med dei oppmerkte og rydda turstigane og skiløypene i området innteikna. På baksida av kartet er det fyldige opplysningar om Vestmarka, mellom anna om Vestmarka si kultursoge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]