Solomon Okoronkwo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solomon Okoronkwo
SOkoronkwo.JPG
Personleg informasjon
Fødd 2. mars 1987 (33 år)
Fødestad Enugu
Høgd 184 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aalesund
Nummer 30
Ungdomsklubbar
Nigeria River Lane Youth Club
Nigeria Gabros International
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004
2005-08
2007
2008-11
2011-
Nigeria Gabros International
Tyskland Hertha Berlin
Tyskland Rot-Weiss Essen (lån)
Flag of Russia.svg Saturn
Noreg Aalesund

39 (4)
15 (1)
14 (0)
7 (0)[1]
Landslag
2008- Nigeria Nigeria 2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. juli 2010

Solomon Okoronkwo (fødd 2. mars 1987) er ein nigeriansk fotballspelar.

Okoronkwo vart oppdaga i 2004-av FIFA-agenten Marcelo Houseman, som tok han med til Hertha Berlin i Tyskland. Han vart verande i Berlin frå 2005 til 2008. Hausten 2006 fekk han lite speletid hjå Hertha, og vart difor lånt ut til nedrykningstruga Rot-Weiss Essen i 2. Bundesliga for å få kamptrening. I august 2008 selde Hertha han for om lag 1,4 millionar euro til Saturn i den russiske eliteserien, der han skreiv under ein kontrakt for to og eit halvt år. Saturn gjekk konkurs i januar 2011. Okoronkwo hamna då i Ålesund. I 2011-sesongen spelte han i angrep for Aalesund i den norske Eliteserien. Han debuterte i Tippeligaen i andre serierunde i 2011, borte mot Vålerenga

I oktober 2004 anbefalte agenten han til Nigeria sin U20-landslagstrenar, og Okoronkwo vart ein viktig spelar for Nigeria under kvalifiseringa til Den afrikanske ungdomsmeisterskapen i Benin i 2005. Han var òg med på U23-landslaget som tok sølv i OL i Beijing i 2008. Han vart teken ut til A-landslagstroppen første gong i oktober 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk