Solveig Barstad
| Solveig Barstad | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 4. desember 1966 (59 år) Førde kommune |
| Yrke | journalist, programleiar |
| Politisk parti | Høgre |
| Medlem av | Unge Høgre |
| Far | Helge Barstad |
| Ektefelle | Jan Tore Sanner |
| Born | Maria Barstad Sanner, Sigrid Barstad Sanner |
| Prisar | Gullrutens publikumspris |
| Solveig Barstad på Commons | |
Solveig Margrethe Barstad (fødd 4. desember 1966) er ein norsk programleiar for TV 2.
Bakgrunn og familie
[endre | endre wikiteksten]Solveig Barstad vart fødd i Førde. Ho har hovudfag i statsvitskap og grunnfag i historie og offentleg rett frå Universitetet i Oslo.
Barstad er dotter av Helge Barstad og syster av Hilde Barstad, begge Høgre-politikarar. Saman med systera var ho aktiv i Unge Høgre i 1980-åra og tok del i elitekurset til Unge Høgre i 1986.[1] Solveig Barstad er gift med Høgre-politikaren Jan Tore Sanner.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Solveig Barstad arbeidde tidlegare i NRK Dagsnytt og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og kanalvert i NRK. Sidan 1995 har ho vore knytt til TV 2, fyrst som programleiar og redaksjonsleiar i God morgen Norge før ho i 2000 tok over som programleiar i TV 2 hjelper deg etter Arve Juritzen.[2] Barstad har òg leidd program som Redd ferien min og Matkontrollen på TV 2.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lasse Lehre, red. (2010). Elitekurset gjennom 50 år. Unge Høyres Landsforbund. s. 33–35.
- ↑ «Solveig Barstad», TV 2 (på norsk), 28. mars 2008, henta 3. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Solveig Barstad» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2023.