Solvern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stråhatt og solbriller som solvern.

Solvern er middel og utstyr ein kan bruka til vern mot plagsamt eller skadeleg sollys. Dette kan ha form som ein skjerm som stoppar eller demper lyset, eller eit påført stoff som absorberer eller reflekterer lyset.

Solvern kan vera del av eller utstyr i bygningar (brise-soleil, gardin, skodder, persienner), anlegg (parasoll, pergola, solsegl) eller køyretøy (solfilm, solskjerm). Personleg utstyr kan vera hovudplagg, parasoll, solbriller og klede, medan middel ein påfører huda kan vera solkrem, solspray og thanaka.[1]

Solvern kan vera viktig for å unngå overoppvarming, bleiking av fargar eller å bli solbrent. Solvern kan også verna mot utivkling av hudkreft.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Do All Skin Tones Really Need To Wear An SPF?», British Vogue (på engelsk), henta 21. juli 2020 
  2. Framtida (30. mars 2015), «Påskesol kan vere like sterk som sommarsol», Framtida, henta 21. juli 2020 
  3. «Sol, solarium og hudkreft», Kreftforeningen (på norsk bokmål), henta 21. juli 2020