Parasoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Etiopisk jøde i Jerusalem med parasoll.

Parasoll (frå italiensk av para-, '[vern] mot' og sole, 'sol') er ein runda skjerm med stong som har som hovudfunksjon å skugga for sollys. Han kan likna ein paraply og haldast i handa, men kan også vera stor som eit møbel og stå på bakken. Parasollar kan lagast av ulike stoff, papir og plantedelar som bambus eller palmeblad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

'Kvinne med parasoll' av Hamilton Hamilton.
Parasoll blei brukt som verdigheitsteikn for katolske geistlege då Michelangelo viste modellen av kuppelen i Peterskyrkja i 1540-åra. Utsnitt av måleri i Casa Buonarroti i Firenze.

Parasollar er kjende frå oldtida i Assyria, Egypt, India og Kina, og kom til Europa under antikken. Dei blei opphavleg brukt som statussymbol og borne av andre over ein som skulle fremhevast, og har gjerne samanheng med religiøs eller kongeleg oppheving. Parasollar blei tidleg tekne i bruk rundt paven i den katolske kyrkja. Dei er framleis viktige i seremoniar i den etiopiske kyrkja.

Som motetilbehøyr for kvinner hadde parasollen ei blomstringstid frå slutten av 1700-talet fram til først på 1900-talet. Desse parasollane kunne vera inspirert av austasiatiske parasollar med orientalsk dekorasjon, eller vera pynta med frynser, kniplingar og brokade. Frå rundt 1920, då soling kom på moten og ein ikkje lenger ønska å skjerma huda mot sol, bar ikkje kvinner lenge parasollar. I staden tok ein dei i bruk på strender og andre stad folk kom saman for å nyta sola.

Parasollar er blitt utbreidde strand- og hagemøblar der ein kan søka skugge når sola blir for varm. Dei blir også brukt ved uteservering. Slike parasollar kan plantast i bakken eller støttast med ein solid fot. Det finst også døme på store parasollar som kan ha ei side på bakken og fungera som telt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.