Hopp til innhald

Sombor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sombor
Сомбор
by
Rådhuset i Sombor
Land  Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Vest-Bačka
Areal 289,23 km²
Folketal 70 818 (2022[1])
Postnummer 25000
Bilnummer SO
Kart
Sombor
45°47′N 19°07′E / 45.78°N 19.12°E / 45.78; 19.12
Kart som viser Sombor.
Kart som viser Sombor.
Kart som viser Sombor.
Wikimedia Commons: Sombor

Sombor (serbisk Сомбор) er ein by i Serbia. I 2022 hadde sjølve byen like over 40 000 innbyggjarar, medan heile kommunen har rundt 70 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Vest-Bačka.

Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1340. Byen høyrte til Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under osmanarane flykta ungarane frå byen og han vart hovudsakleg busett av etniske serbarar.

Sidan 1687 kom byen under Habsburgmonarkiet og var ein del av Militærgrensa. I 1717 vart den første ortodoske grunnskulen opna. Fem år seinare opna òg ein katolsk skule. I 1745 vart Sombor tatt bort frå Militærgrensa og innlemma i Bacsensis fylke. I 1749 fekk Sombor status som «fri kongeleg by». I 1786 vart han sete i Bacsensis fylke.

I 1848/1849 vart Sombor ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk sjølvstyrt region i Det austerrikske keisardømet, og mellom 1849 og 1860 var han ein del av Voivodskapet Serbia og Tamiš Banat, eit eige austerriksk kronland. Etter dette kronlandet vart nedlagd, vart Sombor setet i det nye Bács-Bodrog (Bačka-Bodrog) fylke.

Sidan 1918 vart Sombor ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). Mellom 1918 og 1922 låg han i Bačka fylke, mellom 1922 og 1929 i Bačka oblast og mellom 1929 og 1941 i Donau Banovina.

I 1941 vart byen okkupert av aksemaktene og annektert av Ungarn. Okkupasjonen enda i 1944 og Sombor vart ein del av det nye sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[2]
194890 477
195392 583
196196 191
197198 080
198199 168
199196 105
200297 263
201185 903
202270 818

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[2]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Sombor51 47147 62341 814
Kljajićevo6 0125 0454 006
Bezdan5 2634 6233 269
Stanišić4 8083 9872 914
Stapar3 7203 2822 815
Čonoplja4 3593 4262 696
Bački Monoštor3 9203 4852 647
Svetozar Miletić3 1692 7462 162
Riđica2 5902 0111 482
Gakovo2 2011 8101 309
Aleksa Šantić2 1721 7701 295
Telečka2 0841 7201 182

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  2. 1 2 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022.. stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sombor