Sommarfugleffekten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sommerfugleffekt er eit omgrep som teknisk sett omhandlar sensitivitet i tilhøve til startvilkår innan kaosteori. Idéen er at små variasjonar i startvilkåra i eit dynamisk system, kan skape store variasjonar i oppførselen til systemet på lang sikt. Slik sensitiv avhengigheit har ein òg i ikkje-dynamiske system; ta til dømes ein ball som blir plassert på toppen av eit fjell. Avhengig av små variasjonar i plasseringa, endar han opp med å rulle ned i eit av mange moglege dalføre.

Praktiske konsekvensar av sommerfugleffekten, er at komplekse system som vêr blir vanskeleg å føresjå utover ein bestemd tidsperiode (omtrent ei veke når det gjeld vêr). Dette kjem av at ein i modellane ein lagar for å simulere eit system, er nøydd til å utelate noko informasjon om startvilkåra. Til dømes ville det vere umogleg å ta omsyn til vinden frå alle sommarfuglvengjene når ein skal simulere eit vêrsystem. Når det gjeld kaotiske system, vil slike små avvik mellom røyndomen og modellen auke og få større og større tyding etter kvart som simuleringa skrid fram.

Omgrepet oppstod i 1972, og vart første gongen brukt i samband med arbeidet til meteorologen Edward Lorenz. For å spare tid ved gjentakande simuleringar starta han midt i den opphavlege simulering og reduserte sifferet 0.506127 til 0.506. Han meinte at han ville få ei kurve som ikkje avveik mykje frå den første. Resultatet vart derimot heilt annleis. Lorenz sa at «vengjeslaga frå ein sommarfugl i Brasil kan utløyse ein tornado i Texas». Denne røynsla vart kalla «sommerfugeleffekten» og vart seinare til det vi i dag kallar kaosteori. Denne baserer seg på at negative tilbakemeldingsløyfer vil vere utsett for både positive og negative tilbakemeldingar og med det vere stabile og ustabile på same tid. Ingen av dei kreftane som påverkar systemet kan utelukkast og det vil oppstå «avgrensa ustabilitet». Naturen er full av slike avgrensa ustabile fenomen.

Menneskelege samhandlingar (sosiale fenomen) er òg stabile og ustabile (kan og kan ikkje føresjåast) på same tid og er difor ikkje truverdige å kunne føresei. Ustabile fenomen er per definisjon u-systemiske då dei ikkje tilfredsstiller krav til å vere eit system.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]