Edward Lorenz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Lorenz
Fødd23. mai 1917
West Hartford
Død16. april 2008
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetUSA
Områdematematikk, meteorologi
Yrkematematikar, meteorolog, universitetslærar
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Alma materDartmouth College
Harvard University
Massachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarJames Murdoch Austin
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Royal Society

Edward Norton Lorenz (23. mai 191716. april 2008) var ein prislønt amerikansk matematikar, meteorolog og ein av pionerane innan kaosteorien. Han er spesielt kjent for sommarfugleffekten.

Han studerte matematikk ved Dartmouth College i New Hampshire og Harvard University i Massachusetts. Under andre verdskrigen gjorde han teneste som varslingsmeteorolog for det amerikanske flyvåpenet. Etter krigen tok han opp studium i meteorologi ved Massachusetts Institute of Technology der han seinare var professor i mange år. I den perioden hadde han eit nært samarbeid med mellom andre norske Arnt Eliassen.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

På 1960-talet konstruerte Lorentz ein deterministisk modell for å studere atmosfærisk sirkulasjon ved hjelp av datamaskiner. Han oppdaga at ørsmå variasjonar i starttilstanden til kvar av dei tolv parametrane til modellen førte til totalt divergerande løysingar. Denne kjennslegheita for startvilkåra vart etterkvart kjent i popularisert form under namnet sommarfugleffekten. Han brukte denne nemninga første gongen under eit foredrag 29. desember 1979.

Lorenz fortsette med å utleie dei underliggande matematiske samanhengane og publiserte eit forholdsvis enkelt sett av likningar som til saman skildrar eit kaotisk mønster seinare kjent som lorenzattraktorar.

Han er rekna som ein av dei mest viktigaste matematikarane på 1900-talet.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]