Sophie Gengembre Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjærleik i skodde
Kvinner som lytter til fuglesong

Sophie Gengembre Anderson (1823-1903) var ein prerafaelittisk målar. Ho var fødd i Paris i Frankrike med engelsk mor og fransk far, arkitekten Charles A.C. Gengembre. Som ung studerte ho portrettmåleri under Baron von Steuben i Paris.

revolusjon braut ut i 1848 flytta ho med familien sin til Cincinnati i USA. Der gifta ho seg med den britiske kunstnaren Walter Anderson, ein annan prerafaelitt. Dei to drog tilbake til England i 1854. Året etter stilde målarinna ut sitt første bilete i Royal Academy.

Anderson var ein dyktig målar som særleg kunne få fram lyseffekter og foldar i klede. Ho måla både portrett og landskap, men valde særleg barn som modellar. Ho måla til dømes fleire italienske bondeungar som ho møtte på Capri.

Sophie Gengembre Anderson døydde i Falmouth i England.