Sopron
47°41′6″N 16°34′59″E / 47.68500°N 16.58306°E
| Sopron | |||
| by | |||
Hovudplassen i Sopron | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Vest-Transdanubia | ||
| Fylke | Győr-Moson-Sopron | ||
| Distrikt | Sopron | ||
| Areal | 169,01 km² | ||
| Folketal | 60 334 (2022[1]) | ||
| Postnummer | 9400 | ||
| Retningsnummer | 99 | ||
![]() Sopron 47°41′00″N 16°35′00″E / 47.683333333333°N 16.583333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Sopron | |||
Sopron (tysk Ödenburg, kroatisk Šopron, Šapron, Šopruonj) er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Győr-Moson-Sopron i regionen Vest-Transdanubia i Ungarn[3] nær grensa til Austerrike.
Sopron er eit viktig vinområde i Ungarn, og eit av få område i landet som produserer både kvit- og raudvin.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området har vore busett sidan antikken. I romartida var det ein romersk provins i området og der byen i dag ligg låg det ein by kalla Scarbantia. Forumet låg der hovudplassen i Sopron ligg i dag.
Då ungararane kom til området på 800-talet var byen i ruinar, og i løpet av dei neste to hundre åra forsterka ungararane dei gamle romerske bymurane og bygde ei borg. Byen fekk det ungarske namnet sitt etter ein hoffmarskalk i borga kalla Suprun. I 1153 vart byen nemnd som ein viktig by.
I 1273 okkuperte kong Otakar II av Böhmen borga. Sjølv om han tok borna i Sopron som gislar, opna byen portane då hæren til kong Ladislaus IV av Ungarn kom fram. Kongen gav byen ei påskjønning ved å heve statusen til fri keisarby.
Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn plyndra osmanarane byen i 1529, men okkuperte han ikkje. Mange folk frå dei okkuperte områda flykta til Sopron og byen vart viktigare.
I 1676 vart Sopron øydelagd av brann. Den moderne byen vart bygd opp att dei neste tiåra med vakre bygningar i barokkstil. Soporon vart òg sete i fylket Sopron.
1900-talet
[endre | endre wikiteksten]Etter at Austerrike-Ungarn vart delt vart fire vestlege fylke i Ungarn (Pressburg - Pozsony, Eisenburg - Vas, Ödenburg - Sopron, Wieselburg - Moson) gjeve til Austerrike St. Germain-traktaten (1919) og Trianon-traktaten (1920). Etter lokal uro vart statusen til Sopron avgjort ved ei folkeavstemming i 1921 der 65% stemde for Ungarn. Sidan den gong har Sopron vore kalla Civitas Fidelissima («Den mest lojale byen»). Dei tre andre områda er i dag ein del av Burgenland i Austerrike.
Sopron vart kraftig råka av den andre verdskrigen og nazistane sende og tok livet av nesten alle jødar og nokre venstrevendte arbeidarar i dødsleirane. Byen vart òg bombardert fleire gonger. Den raude arméen frigjorde byen 6. mars 1945.
I sosialistperioden klarte regjeringa delvis å gjere Sopron om til ein industriby, men lèt han framleis vere attraktiv for turistar.
I august 1989 var han åstad for «den heileuropeiske piknikken», ein protestaksjon av høgrevende aktivistar på grensa mellom Austerrike og Ungarn, der 200 innbyggjarar frå Aust-Tyskland kryssa grensa til vesten ulovleg. Dette opna opp for ein masseflukt frå Aust-Tyskland og etter kvart til Berlinmuren sitt fall i november 1989.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Sopron | 56 175 | 60 548 | 60 334 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sopron» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
