Sosigenes frå Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sosigenes av Alexandria var ein astronom i Alexandria i Egypt som ifølge Plinius den eldre hjelpte Julius Cæsar med å reformera den romerske kalenderen[1] i år 46 f.Kr. Sosigenes er dermed arkitekten for den såkalla julianske kalenderen. Den tidlegare romerske månekalenderen blei gjort om til ein solkalender etter egyptisk inspirasjon, noko som var nødvendig for å få det romerske statsembetsverket å fungera. Egypt hadde då i nær to tusenår nytta solkalenderen som base for skatteår.

Sosigenes skal ha skrive tre verk om kalendrar, men desse er gått tapt.[1]

Sosigenes har mellom anna fått eit månekrater oppkalla etter seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sosigenes of Alexandria, Encyclopædia Britannica på Internett. Henta 9. august 2020.