Den romerske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fasti Praenestini.

Den romerske kalenderen var kalenderen brukt i det romerske kongeriket og den romerske republikken, før innføringa av den julianske kalenderen i keisartida.

Den romerske kalenderen blei ifølgje soga innført av Romulus ca. år 753 f.Kr. og brukt av romarane fram til han blei erstatta av den julianske kalenderen i år 46 f.Kr. Den moderne kalenderen som i dag blir nytta i størsteparten av verda er internasjonalt kjent som den gregorianske kalenderen, og er ei meir nøyaktig form av den julianske kalenderen.

Frå perioden til Augustus eller endå tidlegare blei kalendrar ofte rissa inn i stein og viste fram offentleg. Slike kalendrar blir kalla fasti.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein går ut frå at den opphavlege romerske kalenderen var ein månekalender, som kan ha vore basert på dei greske månekalendrane.[1] Tida mellom to nymånar er gjennomsnittleg 29,5 dagar; difor vart månadene konstruerte til å vera anten 29 dagar eller 30 dagar lange.

Romulus-kalenderen[endre | endre wikiteksten]

Romerske skribentar tilskreiv den opphavlege romerske kalenderen til Romulus, den mytiske grunnleggjaren av Roma, men det finst ikkje bevis på at ein slik kalender har eksistert og Romulus blei jamleg sitert som grunnleggjaren til praksisar som hadde opphav som var ukjend for seinare romarar. Ifølgje desse skribentane hadde Romulus' kalender ti månader, med vårjamdøgn i den første månaden (sannsynlegvis basert på namna til dei siste månadene av året). Kalenderen delte året i 304 døgn og 10 månader, noko som medførte at han var 61 dagar «for kort» i høve til solåret eller det sideriske året (dvs. den tida det tek for jorda å krinsa éin gong rundt sola, som i gjennomsnitt er 365,2564 døgn eller 365 heile døgn, 6 timar, 9 minutt og 9 sekund):

Romulus-kalenderen
Martius (31 dagar)
Aprilis (30 dagar)
Maius (31 dagar)
Iunius (30 dagar)
Quintilis[2] (31 dagar)
Sextilis, «seks» (30 dagar)
September, frå septem, «sju» (30 dagar)
October, frå octo, «åtte» (31 dagar)
November, frå novem, «ni» (30 dagar)
December, frå decem, «ti» (30 dagar)

Det vanlege kalenderåret bestod såleis av 304 dagar, der vinterdagane som kom etter slutten av desember og før byrjinga av den følgjande mars-månaden, ikkje blei gjevne til nokon månad.[3][4]

Opphava til namna er det heller ikkje heilt klar semje om blant moderne forskarar. Nokre forklaringar frå antikken var: Martius til ære for krigsguden Mars; Aprilis frå aperiō, «å opna», jorda opnar opp for å motta frøa; Maius frå Maia, gudinna for vekst (major, «eldre»); Iunius frå iunior (yngre). Dei gjenverande seks månadane fekk namn i høve til posisjonen deira i kalenderen: nummerert fem til ti på latin som var quinque, sex, septem, octo, novem og decem, månadene hadde såleis namna quintilis, sextilis, september, october, november og december.

Frå 10 til 12 månader[endre | endre wikiteksten]

Det blei snart eit problem at kalenderen ikkje følgde årstidene, slik at ein ikkje kunne planleggja tidspunktet for våronna i markene. På eit tidleg tidspunkt blei ein einige om å føya til to ekstra månader, slik at året kom opp i 355 dagar. Denne kalenderendringa blir tidvis tilskriven sogekongen Numa Pompilius.

Dei nye månadane fekk namna januarius, etter guden Janus, og februarius, etter «februa», ein reinsings- og forsoningsfest som blei halden i slutten av månaden, som opphavleg var den siste i året. Det nye året byrja stadig i mars månad, men i 153 f.Kr. byrja ein å rekna januar som den første månaden i året. Det var likevel først etter Cæsar si kalenderreform i år 46 f.Kr. at den 1. januar blei sjølve «nyttåret».

Innføring av skotår – ein ekstramånad[endre | endre wikiteksten]

Problema med kalendeen heldt fram. Året på 355 dagar var stadig for kort, og martius, som i byrjinga var rekna for å koma i byrjinga av såtida til bøndene, flytta seg langsamt, slik at månaden etter kvart fall ved byrjinga av sommaren. Feilplasseringa av våronna gjorde at ein igjen blei samd om ei endring, og for å retta på «forseinkinga» blei det lagt til endå ein månad, kalla «mercedonius» eller «intercalaris», men berre annakvart år. Den ekstra månaden blei lagt til etter februarius. Han bestod av 27 eller 28 dagar. I skotår blei månaden februarius redusert frå 28 dagar til 23. Også dei andre månadene blei justerte opp eller ned, avhengig av om det var skotår eller ikkje.

Denne ordninga gav opphav til skotår. I ein 4-årsperiode skulle ein ha to skotår og to normalår. Normalåra var på 355 dagar, og skotåra fekk 377 eller 378 dagar. Fire år bestod dermed av 355 + 378 + 355 + 377 = 1 465 dagar, noko som tilsvarer ca. 4 dagar meir enn fire solår.

Rot med skotår[endre | endre wikiteksten]

Sidan det i snitt var éin dags skilnad mellom eit solår (siderisk år) og året etter den romerske kalenderen, blei forskyvinga tidleg tydeleg. For å bøta på dette blei det gjort løpande utrekningar om kva tid ekstra skotår skulle innførast. Ein kunne koma langt inn i februarius før ein visste om neste månad skulle vera martius eller intercalaris. Dette førte til slutt til eit slikt kaos at Julius Cæsar innførte ein ny kalender. Det blei den julianske kalenderen, som tok over for den romerske kalenderen i år 46 f.Kr.

Dagane[endre | endre wikiteksten]

Romarane nummererte ikkje dagane løpande innan ein månad slik ein gjer i moderne tid, men namngav kvar enkelt dag på ein intrikat måte. Dei hadde tre spesielle dagar, kalendae, nonae og idus. Den første dagen i kvar månad blei kalla kalendae. I nokre månader blei den 5. dagen kalla nonae, når han fall på den 7. i månader med 31 dagar. Tilsvarande fall idus på den 13. eller 15. dagen. Dei andre dagane hadde namn ved at ein telde ned til den neste av desse tre spesielle dagane, der Dag I var dagen sjølv. I ianuarius (januar) fell nonae på den 5. Den 2. januar blei då kalla Dag IV før nonae i januar («ante diem IV Nonas Ianvarii»). I tillegg hadde romarane dagen pridie. Dette var dagen før dei spesielle dagane kalendaee, nonae og idus. Slik blei 4. januar kalla pridie nonae i januar i staden for Dag II før nonae i januar.

Fasti[endre | endre wikiteksten]

Fasti var ein høgtidskalender i Romarriket. Opphavleg tydde ordet dagar det kunne haldast rettargang (og liknande sivile gjeremål), og det motsette var dies nefasti (eller feriae) – festdagar, men ordet fekk etterkvart ei utvida tyding av kalender eller forteikning over dagar. Forfattaren Ovid sitt dikt Fasti er ei poetisk-didaktisk framstilling av festdagane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje Titus Livius var Numa Pompilius sin kalender in lunisolarkalender med måne-månader og flere innskotne månader spreidde over nitten år slik at solen vende tilbake i det tjuande året til den same posisjonen ho hadde i det første året. Jf. Titus Livius: Romas historie, 1,19; Smith, William (1875): «Calendarium», Year of Numa i: A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, London
  2. Denne månaden er også blitt dokumentert som quinctilis; sjå t.d. Blackburn, Bonnie; Holford-Strevens, Leofranc (1999): The Oxford companion to the year, Oxford University Press, s. 669.
  3. Macrobius (1969): Saturnalia, bok I, kapitla 12–13, overs. Percival Vaughan Davies, New York: Columbia University Press, s. 89–95.
  4. Hewitt Key, Thomas (1875), sitert i Smith, William: A Dictionary of Greek and Roman Antiquities, London: John Murray. s. 223–233. Sitat: «With regard to the length of the months, Censorinus, Macrobius, and Solinus agree in ascribing thirty-one days to four of them, called pleni menses; thirty to the rest called cavi menses.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Bickerman, E. J. ([1969] 1980): Chronology of the Ancient World, London: Thames & Hudson.
  • Brind'Amour, P. (1983): Le Calendrier romain: Recherches chronologiques, Ottawa.
  • Feeney, Denis C. (2007): Caesar's Calendar: Ancient Time and the Beginnings of History. Berkeley: University of California Press, ISBN 0-520-25119-9 (innb).
  • Fowler, W. Warde (1899): The Roman festivals of the period of the Republic; an introduction to the study of the religion of the Romans, London and New York: Macmillan and Co.
  • Michels, A. K. (1967): The Calendar of the Roman Republic, Princeton.
  • Richards, E. G. (1999) Mapping Time. The Calendar and its History, Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-850413-6.
  • Rotondi, Giovanni (1912): Leges publicae populi romani, Milano: Società editrice libraria.
  • Rüpke, J. (2011): The Roman Calendar from Numa to Constantine: Time, History and the Fasti, overs. D. M. B. Richardson. Wiley. ISBN 978-0-470-65508-5 (trykk) 9781444396539 (online).
Nettstader