Sotsjielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sotsji
elv
Bilete av Sotsjielva om lag 1905-1915 av Sergej Prokudin-Gorskij
Land  Russland
Nedslagsfelt 296 km²
Lengd 45 km
Kjelde Store Kaukasus
Munning Svartehavet
Kart
Sotsjielva
43°34′0″ N 39°42′53″ E
Wikimedia Commons: Sochi River

Sotsji (russisk Сочи, abkhasisk Шәача; adygeisk og ubykhisk Шьача) er ei elv i Krasnodar kraj i Russland. Elva er 47 km lang og har eit nedslagsfelt på 296 km².

Elva spring ut frå Bolsjaja Sjura i Store Kaukasus og renn 47 km sørvestover og munnar ut i Svartehavet i Sotsji, som har gjeve namn til elva og som er åstad for vinter-OL 2014. Det er den tredje lengste elva i Sotsji etter Mzymta og Sjakhe.

Sotsjielva startar i ei høgd på 2250 meter over havet og renn vest og sørvestover gjennom fjellendt terreng. Ho mottar sideelvar som Usjkho og Ats. Om lag 15 km før ho munnar ut mottar ho den største sideelva si, Agva. Like ved elva ligg Orekhovkafossen som er ein del av Bezumenka. Sotsji snur sørover og renn gjennom forstadane Plastunka, Baranovka og Navaginka før ho når sentrum av Sotsji og munnar ut i Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]