Southampton FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Mary's Stadium

Southampton Football Club er ein fotballklubb heimehøyrande i byen Southampton i det sørlege England. Klubben vart skipa i 1885 og har vore medlem i English Football League sidan 1920. Laget spelar i raude-og-kvit-stripete trøyer og svarte bukser.

St Mary's Stadium er klubben si heimebane sidan 2001, eit stadion med plass til 32 689 tilskodarar.

Southampton FC har delteke i toppdivisjonen i det engelske ligasystemet periodane 1966-74, 1977-2005 og sidan 2012. I 1976 vann Southampton FA-cupfinalen med 1-0 over Manchester United. Elles har klubben spelt FA-cupfinale i 1900, 1902 og 2003.

Sesongen 1983/84 enda Southampton på andreplass i fyrstedivisjon, einast ligameister Liverpool FC sanka fleire poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]