Spassk
- For byen med same namn tidlegare, sjå Bolgar.
| Spassk | |||
| Спасск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Penza oblast | ||
| Areal | 6 km² | ||
| Folketal | 6 936 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1600-talet | ||
| • Bystatus | 1779 | ||
| Retningsnummer | +7 84151 | ||
![]() Spassk 53°56′00″N 43°11′00″E / 53.933333333333°N 43.183333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Spassk, Penza Oblast | |||
Spassk (russisk Спасск)[a] er ein by i Penza oblast i Russland og administrativt senter for Bednodemjanovsk rajon. Han har om lag 7000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1648 vart eit udyrka jordstykke oppdaga i Sjatsk uezd og det vart gjeve til eit kloster i nærleiken kalla opp etter Frelsaren (Spas på russisk). I 1663 vart ein landsby grunnlagd på staden, kalla Bogdanovo. I 1779 vart namnet på byen endra til Spassk. Han fekk samstundes byrettar og vart gjort til senter i ein uezd etter dekret frå Katarina den store. Det vart derimot snart klart at dette ville medføre forvirring, sidan det fanst fleire byar i Russland med same namn, der den mest kjende var Spassk-Rjazanskij. Det offisielle namnet på byen vart derfor endra til Spassk na Studentse (russisk: Спасск на Студенце).
I 1925 vedtok ein uezd-partikonferanse at byen skulle døypast om til Bednodemjanovsk til ære for diktaren Demjan Bednyj. Bednyj sjølv vitja aldri byen, men hadde etter sigande ein livleg korrespondanse med innbyggjarane. I 2005 fekk byen igjen namnet Spassk, etter dekret frå president Vladimir Putin.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ tidlegare (1925–2005) kalla Bednodemjanovsk (russisk: Беднодемьяновск)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Spassk» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
