Speleogenese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Speleogenese er danning av grotter.

Tektoniske grotter[endre | endre wikiteksten]

Tektoniske grotter er grotter danna ved oppsprekking og blokkrørsler i berggrunnen. Dei finst vanlegast i samband med bratte stup eller dalsider der såkalla tensjonssprekker blir opna på grunn av tyngdekrafta, eller i forkastingsssoner der fjellet er oppknust. Frostvitring kan i mange tilfelle få ekstra godt tak i slike knusingssoner og utvide holrommet ytterlegare. Mange hellerar og brenningsholer er i hovudsak skapt av tektoniske prosessar. Den djupaste tektoniske grotta som til no er kjent i Noreg, er det om lag 50 meter djupe Ljøtehølet i Ål i Hallingdal.

Lavagrotter[endre | endre wikiteksten]

Lavagrotter er grotter danna i lavastraumar. Slike straumar størknar på overflata, medan tyntflytande lava enno strøymer som ei elv inni. Desse kanalane vil delvis tømme seg før det heile størknar og etterlèt seg holesystem som kan bli mange kilometer lange. Seinare kan taket kollapse og gje dolineliknande forsenkingar. Store lavaholer finst mellom anna på Island, Tenerife og på Havaii.

Karstholer[endre | endre wikiteksten]

Karsthòler, kalksteinshòle eller dryppsteinshòle er ei grotte som er danna ved at dei omkringliggande berglaga har vorte oppløyste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]