Spelet om Kvarmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tittelbladet til engelske Everyman.

Spelet om Kvarmann (på bokmål Enhver), er den vanlege nemninga på ein særskild type moralspel frå mellomalderen, som vart skrive i mange ulike variantar gjennom mellomalder og tidleg nytid.

Spelet kan ha vakse fram i Tyskland under tittelen Jedermann, og var kjend der frå slutten av 1400-talet. Kåre Langvik-Johannessen hevda det hadde vandra dit under påverknad frå Nederlanda som på den tid hadde eit svært rikt kulturliv.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Dramaet har ein fast utvikling som går att i dei fleste utformingane. Ofte byrjar det med ein dialog mellom Gud og Djevelen om Kvarmann, og kvar han skal fara etter han er daud. Kvarmann er, som namnet seier, kvar og ein av oss, og vi møter han midt i eit festleg lag, gjerne eit bryllaup. Nett som festen skrid fram, syner dauden seg i døra og byd at Kvarmann skal følgje han. Kvarmann bed då alle gjestene, ein etter hin, om å følgje med, men alle takkar nei, først kona, etter det foreldra, så venene, og sidan mange allegoriske skapnader: skattar, gods og gull, ungdom, glede, fem sansar. Berre dyd eller tru følgjer Kvarmann heile vegen fram til grava.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Dette allegoriske spelet har hatt stor tyding for ei lang rekkje diktarar. Både Henrik Wergeland og Henrik Ibsen tykkjest ha kjend stykket i ei eller anna form, og mykje av tankestoffet kan ein finne att i Peer Gynt. Det er òg råd å finne spor etter spelet i den amerikanske TV-serien Angel.[treng kjelde]