Spinat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spinat
Spinat
Spinat
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Underfamilie: Chenopodioideae
Stamme: Anserineae
Slekt: Spinacia
Art: Spinat S. oleracea
Vitskapleg namn
Spinacia oleracea

Spinat (Spinacia oleracea) er ein eittårig grønsakplante i amarantfamilien som ein et blada frå.

Spinatplanten blir kring 20–30 cm høg. Han har rosettstilde, glatte og kjøtfulle blad. Einskildplantar kan vera hannkjønna, hokjønna eller tvikjønna. Innan jordbruk er hoplanten mest verdifull.

Spinat er kravfull med omnsyn til jord og gjødsling. Han veks raskt, og kan bli hausteferdig på 4–6 veker. I den lysaste årstida går planten lett i frøstokk (langdagsplante). I Noreg kan han dyrkast over heile landet.

Som grønsak er spinat næringsrik, med høgt innhald både av jern (2 mg/100 g) og betakaroten (4100 μgram/100 g). Hab inneheld også oksalsyre. Elles inneheld spinat ca. 46 mg vitamin C, 500 mg kalium, 2 g kostfiber, 90 % vant, 0,5 g fett og 79 kJ tilført energi per 100 g etevare.

Spinatblad kan brukast rå i salatar eller til stuing og suppe. Dei kan også steikast, gratinerast og smørdampast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]