Sportsklubben Rollon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sportsklubben Rollon er eit idrettslag i Ålesund, skipa 20. februar 1914. Laget er aktivt i fotball og har i periodar markert seg i handball. Rollon spelar i blå og kvite drakter.

Rollon er den eldste fotballklubben i Ålesund, fire månader eldre enn meir kjende Aalesunds Fotballklubb. Klubben har namn etter Rollo frå Normandie som ein meiner er identisk med den sunnmørske vikinghovdingen Gange-Rolv, avbilda på den blå-kvite fana til sportsklubben.

Rollon deltok i Noregsmeisterskapen i fotball 1915, som det fyrste laget frå Møre og Romsdal. I tida etter andre verdskrigen veksla Rollon mellom å spele Landsdelsserien og den underliggjande serien. På 1960-talet og fram til 1975 var Rollon fast deltakar i 4. divisjon Sunnmøre. I siste halvpart av 1970-talet spelte Rollon i tredje divisjon, i 1977-sesongen var laget fullt på høgde med AaFK. Harald Thorsen og John Helge Aam var mellom dei fremste Rollon-spelarane i desse åra. Etter å ha vore i 3. divisjon i sesongane 1983-85, vart laget gradvis svekka og i 1995 trekte Rollon A-laget frå serien, men melde seg på att i seriesystemet i 2000. På 2010-talet har Rollon vandra mellom fjerde og femte nivå i seriefotballen.

Rollon reiste i 1924 lagshytta Rollonhytta på Sulafjellet i dåverande Borgund kommune, eit hus som framleis er i klubbens eige. Rollon tok i 1954 bruk ei fotballbane med grusdekke og klubbhus i bydelen «Bakom fjellet» i Ålesund. Bana heldt ikkje internasjonale mål og eigedomen vart seld. Ei nybygt grasbane og nytt klubbhus i bydelen Larsgarden vart teken i bruk i 1985. Frå 2013 er det kunstdekke på Rollonbana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]