Sportsklubben Træff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Træff
Fullt namnSportsklubben Træff
Grunnlagd1. oktober 1924
HeimebaneReknesbanen
HovudtrenarErik Brakstad
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Sportsklubben Træff er eit idrettslag frå Molde, hovudsakleg med tilhald i vestlege delar av byen. Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

Damelaget til klubben har dei siste åra spelt i 2. divisjon. Klubben driv stor aktivitet for jente og damefotball, mellom anna spelarutviklingstiltak i regionen, samt treningsgruppa ved toppidrettsklassen (damer) ved Molde videregående skole.

Klubben vart stifta 1. oktober 1924 og driv i dag med fotball og handball, der dei fram til nyleg har stilt lag i førstedivisjon i handball for kvinner og tredjedivisjon for menn. Tidlegare dreiv klubben òg med ski og sykkel. Klubbfargane er kvite trøyer, grønne bukser og kvite strømper. Klubben har ca. 1000 medlemmar, og er den nest største klubben i Molde.

Træff har bygd hallen Træffhuset for handball, klatring og fotball like ved Reknesbanen nordvest for Molde sentrum.

Spelarar med bakgrunn i Træff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]