Østsiden Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Østsiden Idrettslag
A-Lag damer.jpg
Fullt namnØstsiden Idrettslag Fredrikstad
Grunnlagd14. juni 1935
HeimebaneØstsiden idrettsplass
HovudtrenarRino Hansen
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Østsiden Idrettslag Fredrikstad (tidlegare Østsiden IL, stifta 14. juni 1935) er eit idrettslag frå Østsiden i Fredrikstad. Klubben er mest kjent for fotballaget sitt.

Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1937 anla laget sin eigen grusbane og i 1948 vart grasbanen opna. I 1959 opna ein treningsbanen og ytterlegare ein treningsbane vart opna sør for Nabbetorp skole i 1987. Damehandball kom på programmet i 1966 og den første leiaren for av handballgruppa var Kirsten Hellesnes.

Av sportslege merittar finn ein fotballaget sin 2-1-siger over Lyn i kvartfinalen i 1962 og andreplassen i 2. divisjon same år. På ungdomssida har det blitt fleire krinsmeisterskap samt juniorfinale i NM i 1955 og sølv i Norway Cup i 1975.

Noregs Fotballforbund innførte dugleiksmerke i 1953 og Thor Magnussen var den første i landet som klarte gullmerket. Andre kjentfolk med bakgrunn frå klubben er FIFA-dommar Tore Hollung, landslagssjef Egil Roger «Drillo» Olsen og mangeårige proff Jørn Andersen.

Frå og med 1. januar 2008 gjekk klubben inn for eit samarbeid med Fredrikstad HK for å samle ein stor klubb med både gutte- og jente- lag. Det nye namnet vart Østsiden Idrettslag Fredrikstad.

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Østsiden IL Fredrikstad arrangerer kvart år fleire populære og tradisjonsrike arrangement som fotballskule, fotballcup, og «Øssiæloppene» for å nemne nokre. Men det mest kjente og populære er den største handballcupen i Noreg – DNB Fredrikstad Cup.

Handballcupen vart for første gong arrangert i 1982 og var den gongen den største i verda. I 2012 var det venta 520 lag til Fredrikstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]