Skarbøvik IF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skarbøvik Idrettsforening)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skarbøvik IF
SkarbovikIF.jpeg
Fullt namnSkarbøvik Idrettsforening
Grunnlagd1930
HeimebaneSkarbøvik stadion
(kapasitet: 5000)
StyreleiarJarle Ødegaard
HovudtrenarSvein Slinning
Liga2. divisjon fotball for menn
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Skarbøvik Idrettsforening (stifta i 1930) er ein fotballklubb frå Skarbøvika i Ålesund. Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.

Skarbøvik spelte frå 2008 til og med 2010 i 2. divisjon, og i tidlegare tider konkurrerte dei med Aalesunds Fotballklubb om å vere best i byen. Klubben var i 2010 i same avdeling som andrelaget til AaFK. 2010 rykte Skarbøvik ned att til regional 3. divisjon etter å ha spelt i 2. divisjon tre sesongar på rad. Etter to sesongar i 3. divisjon, rykte Skarbøvik opp til 2. divisjon igjen.

Jan Erik Sørnes, trenaren som tok Skarbøvik tilbake til 2. divisjon vart tilsett som utviklingssjef i Aalesunds Fotballklubb i januar 2010. Han sa opp stillinga si i Skarbøvik i 2009, før tidlegare Hødd og Lyn-trenar Sture Fladmark tok over ansvaret for klubben. Etter at Fladmark tok jobb hos Aalesunds Fotballklubb vart Svein Slinning tilsett som hovudtrenar for klubben. Laget klarte nesten å rykke opp på første forsøk, men etter uavgjort i seriefinalen på heimebane, i ein kamp som måtte vinnast, var det Træff som stod att som vinnarar ved avdelinga. Skarbøvik slo tilbake i 2012, og vann kampen om opprykket føre lag som Herd og Sunndal.

Plasseringar[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: 1.plass 3. divisjon avd.17
  • 2007: 1.plass 3. divisjon avd.17
  • 2008: 3.plass 2. divisjon avd.2
  • 2009: 8.plass 2. divisjon avd.2
  • 2010: 12.plass 2. divisjon avd.2
  • 2011: 2.plass 3. divisjon avd.9
  • 2012: 1.plass 3. divisjon avd.9

Kjende tidlegare spelarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]