Sporvognstrafikk i Aust-Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linje 4 i Budapest.

Sporvognstrafikk i Aust-Europa finst i alle dei tidlegare austblokklanda, bortsett frå Litauen.

Den travlaste tradisjonelle trikkelinja i verda er linje 4/6 i Budapest, der togsett på 50 meter fullpakka av folk kan gå kvart 60. til 90. sekund under rushtida. Ein del av denne ruta er den same som der ein først tok i bruk elektriske sporvogner i 1887.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under kommunisttida dreiv trikkelinjene òg industritransport, men etter kvart som fabrikkane har forlate byområda har denne bruken nær forsvunne. Trikkar er òg blitt erstatta av trolleybussar ettersom desse gjer det enklare å byggja ut vegane i dei etter kvart sterkt trafikkerte byane. Warszawa er i så måte eit unntak, ettersom byen la ned den siste trolleybusslinja i 1995 på grunn av høge driftskostnader og i staden tok i bruk meir effektive sporvogner.

Moderne sporvogn i Warszawa.

Trikketypar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste trikkane i Aust-Europa er framleis gammaldagse typar med høge golv, ettersom moderne høgteknologiske trikkar har høg innkjøps- og driftspris. Slike trikkar er likevel så smått i gang med å erstatta dei gamle i nokre av hovudstadane, til dømes Budapest.

Den tsjekkiske ČKD Tatra og den ungarske Ganz-fabrikken var tidlegare viktige trikkeprodusentar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]